Laussnøkjøring i Røldal, 27. feb-1. mars 2015

Nok ein gong var det klar for skikøyring og skiglede i Røldal. 27 glade tråkkarar fekk ei helg med snø, vind og sure lår.

Denne helga var det samla ein god gjeng frå Stavanger og andre tråkklag. Nokre nye Røldalsfararar fekk seg ei overrasking fredag kveld når dei såg motbakken opp til Fjellstøl med lys i det fjerne. Andre hadde «rutinert» rekna ankomst i god tid for å la skitrekket hjelpe til med bagasjen. Desse fekk i tillegg lettare lommebok….

Vel framme var det innkvartering og suppe til kvelds. Det vil seie, dei første måtte bruke ein halv time på å spa fram døra! Med suppa fortært og stadig skjelvande armmusklar, etter styrketreninga med bagasjen opp til hytta, var det ein sliten gjeng som gjekk inn for landing og nokre timars søvn. Desse bøndene av nokre turleiarar ville ha tidleg frukost (fritt sitert etter Ekroll), for å vere klar når trekket opna klokka 10. Det gjelder å vere på plass for å få renne i løyper utan spor! 
Dagen gjekk med renning både her og der; bakkar, topptrekk, stolheis, skogsløype, hopp og sjølvsagt laussnø. I god Røldalstradisjon var det tidvis så som så med sikten. For ikkje å snakke om vind på toppen, høyrt det før, kanskje? Om ein ikkje såg noko, så klarte ein stort sett å høyre kva retning trekka var i! Lunsj vart ete i hytta, og det til VM i Falun i bakgrunnen. Heia Johaug!
Laurdag kveld var det sosialt samvær med god mat og ei fin blanding av skjemt og alvor. Fine bibelvers vart delt og kloke ord sagt, i tillegg var det god lyd i allsangen! Ellers vart tidenes jamnaste quiz gjennomført: 12, 12, 11,5 og 11 poeng. Kan du forresten stave Wisconsin? Jaja, gale var det. 
Søvn natt til sundag vart nok noko forstyrra av uling frå vinden. Ville trekket halde ope i dag tru? Sjølv om musklane skreik etter kvile, var lukka stor då me forstod at trekket var ope. Så etter ein god sundagsfrukost og vidare at ein tok ansvar og spadde oss ut, fekk me nokre timar i bakken også i dag. Føret var godt og sikten mykje betre, iallfall ei stund…. Ulike hoppeteknikkar vart prøvd ut, alt ifrå å hoppe opp, hoppe sidelengs og hoppe med knall og fall. Andre fekk finpussa på teknikken, både telemark og slalom. 
Etter lunsj og utvask sette dei fleste seg i bilen for heimturen, medan nokre fekk litt meir tid i bakkane før trekket stengde. Alt i alt verka det til at tråkkarane var godt nøgde med valet av valgt helgeaktivitet denne helga. Snakkast me neste år på same tur? Håper det, og kanskje vegane våre møtest før det også. 
Takk for turen! 
PS! Fleire bilete kjem etterkvart.

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar