Melands Grønahei, 30.aug.-1.sept. 2013

Uvisst av kva grunn, ingen ville vera med på tur til Melands Grønahei. Men me var jo to turleiarar som ville på tur, så då vart det tur likevel. Ein skal vel likevel ikkje sjå vekk ifrå at det hadde vore endå trivelegare om me hadde vore fleire…   Fredagskvelden reiste me inn til Kleivaland […]

Uvisst av kva grunn, ingen ville vera med på tur til Melands Grønahei. Men me var jo to turleiarar som ville på tur, så då vart det tur likevel. Ein skal vel likevel ikkje sjå vekk ifrå at det hadde vore endå trivelegare om me hadde vore fleire…

 

Fredagskvelden reiste me inn til Kleivaland i Hjelmeland, der turen startar. Her slo me opp lavvoen medan det endå var lys ute. Ein eingongsgrill skulle etter planen gje nok varme til grillmaten vår, me var jo berre to mann, men det var så vidt den planen haldt. Det gjekk godt, så lenge ikkje kravet til kjøtet var «well done». Veret var fint, og vinden fråverande, og denne siste detaljen var gjerne grunnen til at me gløymde å festa topphatten på lavvoen. Utpå natta kom regnet, som meldt, og det friskna på med vind. Og då reiste «hatten», og me fekk ei god glugge som regnet fann inn gjennom. Me måtte omorganisera litt, så bagasjen og oss, fekk halda seg turre resten av natta.

 

Laurdag morgon pakka me ned lavvoen, og la han igjen i bilen. På Melands Grønahei ville me bu innandørs. Det var godt i vèret, då me la i veg, og me hadde ein fin tur. Me bytta på kven som skulle gå fremst, så ei stund gjekk turleiar 1 fremst, medan turleiar 2 gjekk bak og passa på at alle var med, og ei stund seinare var det motsatt:-) Siste halvtimen gjekk me med regnjakke, då ei sky som ville kvitta seg med litt tyngde, tok oss att bakifrå. Vel framme i hytta, fekk me i oss litt næring, før me snørte skoa på oss att. Det var tidleg på ettermiddagen, og me hadde planar om topptur. Me ville til Fjellsenden. Men det vart ingen topptur på oss. Toppen låg innhylla i skyene heile tida, og bygene kom og gjekk, og me konkluderte med at så viktig var ikkje dette for oss. Etter ein liten halvtimes gange mot Fjellsenden, snudde me tilbake mot hytta. Det vart folksamt på turistforeningshytta, så akkurat på det punktet var det greitt at turen vår ikkje var fullteikna. Men det vart no ein triveleg kveld ut av det.

 

Sundags morgon var me tidleg oppe. Det var meldt dårleg vèr heile dagen, og me ville ned så fort som råd var. Me gjekk kl.9, og var ved bilen kl.12, det var ikkje noko utprega pausevèr. Regnet varierte gjennom dagen, ei stund gjekk me i skodde, og ei stund hadde me opphaldsvèr. Vel framme ved bilen, kunne me konstatera at turleiar 2 hadde betre regntøy enn turleiar 1 hadde….

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar