Omveg og utsyn med GPS

Fem menn, ei kvinne og ein hund møtte på søndagstur med teknologisk innhald.

20. november ønskte turleiar Tor Sigurd velkommen til heimbygda si, Birkeland. Målet var ein lett søndagstur med introduksjon til GPS.

Me møttest nede ved elva før me labba opp til Spelefjell. Der hadde me noko utsyn over Birkeland medan Kjell forklarte og viste oss litt bruk av GPS. 

Turleiarane brukte ein del tid på å leggja inn på ein GPS punkta me skulle gå til. Så begynte me å gå i motsett retning. Ein snarveg ned ei li fann me ikkje og la i veg i eit byggefelt. Då me seinare var nedanfor lia viste GPS-en at me hadde gått 2 km omveg der me kunne gått 50 meter. Og alle var einig om at GPS er nyttig.

Omsider kom me oss til Årdalsåsen som eigentleg ligg ganske nært Spelefjell. Der såg me elva sno seg nordover langt der nede i dalen. Så starta nedstigninga til elva. Hengegangbrua var ikkje lenger så nyoppussa som sist me gjekk her i januar 2007. Den firbeinte var skeptisk. Slogedalsbrua vart ein for tøff ekspedisjon for Nansen. Han måtte snu og ta bilbrua lenger nede.

Stupstien var neste etappe. Me gjekk oppover lia. Stien var tilrettelagd med tau, og stupa var overkommelege for røynde tråkkarar. Til slutt hamna me på eit berg med nydeleg utsyn over Birkeland, og turleiar kunne stolt visa fram bygda med jordbruk og industri. Me fekk assosiasjonar til Tråkk sommartur. Det var som å sjå ned på ei Sunnmørsbygd, berre med skogkledde heier i staden for spisse fjell rundt.

På utkikken fyrte me bål og spidda pølser i tidleg novembersolnedgang. Tor Sigurd erfarte at ostepølser heng dårleg på pølsepinnar, særleg på dei moderne stålpinnane. Turen ned att til bilane gjekk kjapt. Siste brua hadde fast stålbotn, og Nansen pinte seg over med bøygde kne og nedoverøyrer. Me andre hadde ein fin tur.

Tekst og foto: Kjellfrid Straume

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar