Orienteringstur på Eggedalsfjellet, 25.-27. sept 2015

Koordinater, kart, krysspeiling, spente turdeltakere og forventningsfulle turledere. Finværet var prikkken over i-en, på en alle tiders tur på Oslo nærmeste høyfjellsplatå.

Elleve personar gjekk ut av bilene på parkeringsplassen på Sandvassetra. Temperatur og klokkeslett blei ikkje notert, men me var på omtrent 9 grader og 18 minuttar austleg lengde og 60 grader og 19 minuttar nordleg breidde. Det var fullmåne og stjerneklart, så me starta turen utan hovudlykter. Utruleg så fint månen og stjernene kan lyse opp når ein bare er langt vekk frå andre ljoskjelder. Stien opp til Toveseter gjekk langs fleire myrar og det var ganske blaut, så når grusvegen slutta tok dei fleste fram lyktene. Med unntak av eit overtråkk gjekk den ein time og eit kvarter lange turen, eller skal me skrive 3,9 km lange, fint. Me fekk hytta for oss sjølve, og turledarane gjekk i gang med å organisere folk til å stelle middag og å få fyr på peisen.

«Nå skjønar eg kvifor det er så mykje røyk her. Det er dei to vedkubbane som står til tørk på omnen.»
«Men kven i all verden er det som har sett dei der.»
«Det var nok eg, denne veden var ikkje særleg tørr, så eg tenkte det kunne vera på sin plass å tørke han litt, og så har eg gløymt det.»

Me fekk vekk vedkubbane og starta luftinga. Men me var mest opptekne av maten uansett, og det var ein svolten gjeng.

Etter frokost morgonen etter var det klart for opplæring i kart og kompass. Me lærte ord som høgdekurver, ekvidistanse og koordinat. Me skulle òg tegne høgdeprofilen på ruta me skulle gå i dag. I tillegg lærte me å ta ut kompasskurs. Det var ikkje lenge etter at me hadde starta å gå at me trefte på det første hinderet, ei ganske stor å. Det var ikkje alle som var like komfortable med å skulle over, men turledarane la ut eit par steinar i åi, samtidig som dei stilte seg på strategiske stader for å gje folk ei hjelpande hånd. Så alle kom seg over. Me blei etterpå delt inn i grupper, og gjekk på skattejakt. Alle fann premien sin. Nokon såg òg ein reinflokk. Det var ikkje så blaut her, og fjellet viste seg frå si beste side. Så etter ein fin dag og 13,2 km, der me mellom anna hadde lært om krysspeiling, gjekk me inn døra til Høgevarde fjellstoge. Det var akkurat plass til oss, og me fekk det eine kjøkenet for oss sjølv. Som sist kveld organiserte turledarane laging av middag. Thai kjuklinggryte med sjokolademousse med vaniljesaus til dessert. Tussmørkret kom sigande, og for dei fleste av oss måtte toppen vente til dagen etter.

Rett etter frokost gjekk me opp på Høgevarde, noko gruppebilete skal prove. Det var godt utsyn i alle retningar, spesielt Gaustatoppen var lett å få auge på. Me var særs heldige med véret. Denne dagen gjekk me ikkje så mykje på stiar, me skulle jo trene på å gange etter kartet. Turledarane gav oss koordinatane, og me gjekk fremst, og turledarane bakest slik at dei kunne plukke opp det me mista (eit kompass og ei luve). Foremiddagsmaten blei eten i solveggen til eit berg med kartkoordinatar 5207E,66849N. Derfrå gjekk med vidare mot der me hadde parkert bilane, men på vegen skulle me tippe kor lang tid med bruka på ein kilometer sti på kartet og kor lang den verkeleg var. Stort sett alle tippa lenger tid enn dei bruka, og ingen gjekk seinare enn 3km pr time. Attende til bilane gjekk me forbi Nedre Sandvatn. Turledarane oppfordra til bading, men dei fekk ikkje nokon med seg. Så dei måtte bade åleine. For ein som sto på land såg det kaldt ut. Kanskje 9 grader? Ti personar nådde etter 14,8 kilometer bilane på Sandvassetra, ein av oss hadde teki ein snarveg rett heim frå Høgevarde. Middag på Eggedal Borgerstue var ein fin avslutning på ei flott helg der turledarane hadde lagt alt til rette, og me var nå klare for å køyre heim til Oslo i det byrjande tussmørket. Men eg trur ingen av oss såg nokon tussar.

Hilsen en fornøyd turdeltaker – Olav Imenes

 

Kommentarer

kommentarer