Påske med påfyll

Me hadde det godt på påsketur til Hjartdal fjellstoge i år igjen.

22 tråkkarar frå alle fem Tråkk-gruppene i Noreg i tillegg til Tråkk Sverige og Tråkk Tyskland samlast på Tråkk Sørlandet sin påsketur. Særleg må me takka ho som kom med fly heilt frå Trondheim og dei to som sat på buss i 7 timar frå Bergen for å berika oss med sitt nærver.

Det vart ei sosial og god påske med ein usedvanleg hyggeleg gjeng. Høgtid kan vera fint saman med Tråkk-familien. Ein gebursdag fekk me også feira.

Skulle det oppstå problem, var me denne gongen godt rusta med fire psykologar. Rett nok vart det litt i overkant med fjelluft for tre urban-tråkkarar frå Oslo som forlot oss etter berre tre dagar.

Tråkk Sørlandet nytta seg av prinsippet om nådegåvebasert turleiing. Tor Sigurd la opp eit sjeldant variert dagstur-program. Tormod svarte til forventningane på kjøkkenet. Særleg lammelåret og karamellpuddingen på langfredag var av den kvaliteten me seint gløymer. Kjellfrid informerte og koordinerte det heile.

Dagsturane
Det var smått med snø att i nærområdet til fjellstoga. Skjærtorsdag kjørde me til Rauland og tok Silkedalen-runden. Forholda var så bra at ein gjeng reiste opp att langfredag medan ein annan gjeng gjekk ein kort fottur oppover frå fjellstoga.

Laurdag vakna me til stålande sol, og folket var klar for Gaustatoppen. Der kunne me velja mellom å gå på beina opp eller ta Gaustabana som går i 40 graders vinkel inne i fjellet. Nokre innsåg begrensningane sine allereie i utgangspunktet og venta tolmodig i bane-køen. Andre prøvde seg på beina, men det blei for strabasiøst. Det er ingen skam å snu og ta bana opp. Fem spreke tøffingar sparka fjellskoa inn i skaren og tok seg opp på beina – og ned att delvis på baken. Alle fekk nyta ei formidabel utsikt over 1/6 av Sør-Noreg. Turleiar smilte frå øyre til øyre av å få ein slik dag til å visa nokon Gaustatoppen for første gong.

1. påskedag var det siste dag på tur og tid for å roa ned. Me starta dagen med gudsteneste i Heddal låvekyrkje og synfaring rundt stavkyrkja. Deretter venta tur i tømmerrenna i Lisleherad og Notodden. Turen vart litt kortare enn planlagt fordi renna var stengd. Heldigvis såg me ikkje «ingen adgang»-skilta før første delen. Retur gjekk langs ei gamal jernbaneskinne. Gjennom tunellen nynna me «Vi har en grevling i taket», og me hadde knapt kome ut i dagslys før me såg grevlingen kryssa jernbanesporet lenger framme.

Inneprogrammet
Deltakarane stilte viljug opp og hadde fine ord for dagen til frukost. Fredagskvelden arbeidde me i grupper med ein bibeltekst om Peter som fornekta Jesus. Me funderte over Jesu blikk som møtte Peter med kjærleik og Peters «Her står du no»-oppleving.

Laurdag kveld vart eit høgdepunkt då Robert viste bilete og delte med oss den 20 månader lange turen langs den kinesiske muren. Dette hadde mange av oss høyrt om, men me ante ikkje at det var slik det var. Sundag kveld var berre halve gjengen att. Me kula ned med god restemat og såg bilete frå turen. Latterkulene sat laust som elles på turen.

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar