Programslepptur søndag den 12. januar 2014

Vinteren så langt hadde ikkje vore noko å skryte av med lite eller ingen snø. Derfor var dei fleste skeptiske når Tråkk inviterte til skitur(!) i Nordmarka dagen etter programmsleppet.

Det var det nok mange som låg under dyna denne morgonen og tvilte på skitur, men søndagen starta som ein skikkeleg flott vinterdag med både blå himmel og sol. Dermed var det med stor forventning heile 18 stk møtte opp på Statoil på Storo.

Vi forstod også at dette kunne bli veldig bra når vi skulle parkere bilane ved Svartbekk. Dette var nok ein få plassar med flott skiføre denne dagen, så parkeringsplassen var full for lenge sidan. Parkering ordna seg og dagen var perfekt på alle måtar, så her var det berre å legge på blå Swix og kome igang. Her var det fine «trikkespor», sol og flott vinterstemning. Dermed gjekk turen innover i marka med godt humør forbi Fjellsjøen. Ved Gjerdingen dam hadde vi lunsjpause i sola med gode ord for dagen. Vi fortsatte vidare innover mot Katnosa, men her vart det brått slutt på løypene ved Østbråtan. Dermed gjekk turen tilbake til Svartbekk, fortsatt med like flott ver, flotte løyper og sol.

Til slutt så må vi få takke både turleiarane som ordna denne fine skituren og til alle som var med på turen!

Ønskar alle velkommen på nye turar!

Takk til Per Ståle Hørte som har skrevet turrapport.

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar