Røldal 8.-10. feb. 2013

Soga om trakkarane som ville til Røldal for å renna på ski.        Det var ein gong nokre trakkefrendar som lika å ta seg ut på tur i den vene norske naturen. Ein dag, kan hende heilt attom i førre årtusen, kom einkvan av dei med eit forslag om å reisa til fjells for å […]

Soga om trakkarane som ville til

Røldal for å renna på ski.

 

     Det var ein gong nokre trakkefrendar som lika å ta seg ut på tur i den vene norske naturen. Ein dag, kan hende heilt attom i førre årtusen, kom einkvan av dei med eit forslag om å reisa til fjells for å renna på ski ned bakkar. Jau, det tykte mange måtte vera ei god oppleving, men kvar skulle dei fara i veg? Etter litt usemje dei i mellom, enda dei opp med å vilja reisa til Røldal. Og jau, reaksjonane på denne galskapen lot seg ikkje venta på. «Ein reiste ikkje til Røldal for å renna på ski. Til Røldal reiste ein viss ein skulle vitja kyrkja, som ein from kristen, eller i botsgang, for noko gale ein hadde gjort. Og uansett, dette vart gjort på sumarstid, ikkje midt på vinteren». Det var ikkje måte på kor toskute desse trakkarane måtte vera, meinte folk flest. Men frendane hadde allereie bestemt seg. Til Røldal ville dei, og slik vart det. Og trass alle motsegnene frå folk rundt dei, trakkarane hadde det styggjillt, og vart einige om, allereie før dei var heimkomne, at dette ville dei gjera opp att neste vinter òg. Og vinter, etter vinter, alltid ville trakkarane attende til Røldalssetra for å renna i bakkane.

 

     Og så òg denne vinteren, i det Herrens år 2013. Det var Bjørg vene, og Pål dryge, som hadde teke på seg å byda inn til tur, og dei lot det høyrast både i dei næraste, og dei fjernaste bygdene, at «vil du vera med til Røldalssetra for å stå på ski i laussnø, så må du hengja deg på». Det var no så med desse folka, at ville du vera med trakkarane på tur, ja så var du ein trakkefrende uansett. Og folk ville vera med. Det var helst slutt på dei tidene at folk tykte det var galskap å reisa til Røldal midt på vinteren, så det var ikkje så mange som skræmde folk no lenger. Innpå halvtanna sness med meir eller mindre skivande folk, sendte bod om at dei ville vera med til seters, og det høvde godt, for det var omlag så mange sengeplassar det var i stølshuset.Det var flest frendar frå Stavanger og dei næraste bygdene, men nokre òg frå fjellbygdene i Agder og Telemark, og to frå nordanom Hardangerfjorden.

 

     Det var nokre få dagar etter kyndelsmesse at frendane ville avgarde. Sekkane vart fylde med varme klede, og mat nok til ferda, og så la dei i veg. Dei fòr i lag i smågrupper, det var tryggaste slik, meinte dei. Det var ei dryg ferd, og folk vart seine før dei kom i hus, men det viktigaste var at alle greidde berga seg vel fram. Turleiarane hadde kome tidlegare på dagen, så dei kunne få fyr i grua, varmen kunne breia seg i huset, og slik at dei kunne ha klar eit dugeleg mål med mat, noko dei rekna med at frendane ville trengja etter ei lang ferd, når dei eingong kom, utpå kvelden. Dei hadde vore innom eine garden å kjøpt røyme og lauk, og hin garden for å få fatt på noko kreaturkjøt. Dette stod no å putra i kjelen, og omlag eitt glas før midnatt, benka frendane seg rundt bordet, og ba bordbøna. Folk let vel om maten. Men det var seint, og døsen kom sigande hjå dei fleste, dei måtte finna senga si, og sløkna snart.

 

     Laurdags morgon, sola rann mot klår himmel. Dei hadde sagt det ville henda, dei som spådde vèret, men det var godt å sjå det, tykte trakkarane. Etter ein dugande frukost, var frendane klare for å få på seg skia, og koma seg ut å renna. Nokre hadde ikkje med seg ski, og ville leia seg ski av brørne som åtte Røldalssetra, og det fekk dei. For dei av dykk som les dette, og gjerne ikkje skjønar at det kunne vera gjillt å renna ned ein bakke, for så å gå bakken opp att, og renna ned på ny, må det seiast at brørne hadde vølt til nokre hjul, med lange reip og krokar på, som drog folk i frå botn av bakken, og heilt til topps. Det einaste ein måtte gjera, var å halda seg fast i kroken, og det var ikkje alltid så lett som ein skulle tru. Men det gjekk oftast greitt. Det var mykje folk i bakken i det fine vèret, så trakkarane var ikkje åleine. Midt på dagen var dei innom stølshuset for eit mål mat, elles kosa dei seg, og rann heile dagen.

 

     Mot kvelden trekte dei inn i hus att. Litt slitne, men mest nøgde. Nokre av frendane villa laga til festmåltid. Dei steikte kjøt, og hakka opp lauk, tomatar og agurkar, og meir med, og dette skulle pakkast inn i ei lefse, og etast. Trakkarane var godt nøgde med oppvartinga, og stemninga var god. Dei ville syngja litt òg, og dei song og kvad på salmar og vers, og høgtlesning frå Den Heilage Boka, vart det òg litt av. Kunnskapstevling ville dei og prøva seg på. Dei skulle svara på alt i frå Bibelsoga til landkunna, og meir til. Men det var når spørsmåla om skibakkane på setra kom, at det vart klårt kven som ville vinna, for møya frå Ulvik i Hardanger, hadde talt kvar ein stolpe i bakkane, og ho hadde leika seg i bakken som var tiltenkt borna, så ho visste om både bia, pingvinen og elefanten. Ein trakkar hadde tatt med seg eit tevlebrett som dei kalla for bordcurling. Dette tykte frendane var gjevt, og hadde det mykje gjillt med.

 

     Laurdagskvelden svann som laurdagskveldar alltid gjer, og sundagsmorgonen rann.Det vart sein frukost no, sidan dei var seine tilsengs førre kvelden. Etter frukost og eit ord for dagen, var det tid for litt rydding, før ein fekk spenna på seg skia att, for ein ny runde med skileik. Skyene dekka himmelen denne sundagen, men det var ikkje nokon grunn til å stogga gleda for frendane. Nokon rann fort ned bakkane, andre seint. Nokon tok svingane med stil, medan andre ikkje hadde full kontroll. Og slik skal det vel vera blant frendar, alle skal ikkje vera like. Det gjekk mot eit siste felles måltid, og no var det restefest. Det vart ein høveleg avslutning på dette gjestebodet på Fjellstøl.

 

     Etter maten måtte heile stølshuset vaskast, og frendane delte på kven som skulle vaska kor. Nokre ville plent renna ein tur eller to i bakken etter at vaskinga var endt, medan andre meinte at no var det nok. Dei tok avskil med kvarandre. Alle frendane hadde jo ei lang ferd framføre seg. Men etter som tidendene seier, berga alle trakkarane seg vel heim.

 

     Og til deg som les dette, og vona det var du som rann ned bakkane på Røldalssetra, kanhende, men berre kanhende, vert det mogleg til neste vinter…

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar