Selvikstakken 28. april 2013

 

Me var fem tråkkarar som reiste i frå Ruten kl 10, med retning Seldalsheia, der me parkerte bilane. Det var meldt litt nedbør heile dagen, kanskje det var derfor ikkje fleire ville på tur. Då me byrja å gå, dukka eit kjent ansikt opp. Han skulle og til Selvikstakken, men var ikkje klar over at Tråkk hadde tur dit i dag, men det passa godt, og så var me seks tråkkarar på tur.
 
Det var litt lett sludd i lufta då me byrja å gå, men ikkje mykje. Første del av turen gjekk på anleggsveg, men etter ei stund fann me stien som var skilta mot Selvikstakken. Det var lett terreng å gå i, litt opp, litt ned, men mest flatt. Enkelte plassar kjente me vinden godt, og andre plassar var det heilt vindstilt.
Inne ved Rasmustjørna starta oppstigninga bratt, og me vart piska litt av vind og snø oppigjennom. Oppe på første avsatsen, nede i ei kløft, der det var litt lunt, tok me ein liten matpause. Men me var kjapt av garde igjen, det var ikkje noko pausevèr. Opp, vidare opp, opp til nabotoppen til Selvikstakken, for så å gå bratt ned att, og så bratt opp att nok ein gong, denne gongen til målet vårt.

Selvikstakken er kjend for flott utsikt, men ikkje i dag. Me stod med hovuda oppe i skyene, og det var lett snøvèr, og det seier vel litt. Me såg Forsand, Lauvvik-Oanes-ferja, og kunne så vidt skimta innløpet til Lysefjorden, men det var vel det som var å sjå. Me fekk i oss litt sjokolade, fekk eit ord for dagen, og fotograferte litt, før me gjekk ned att. Vel nede, ved foten av Stakken, sette me oss ned under ein stein, og tok oss ein liten matbete.
Turen gjekk greitt tilbake, me gjekk ein rundtur, slik at me gjekk ein annan veg ned enn opp. Siste delen av turen, gjekk me same ruta som me hadde gått opp. Nedbøren auka på mot slutten av turen, så me var ganske blaute då me kom fram til bilane, men alt i alt, så hadde ikkje vèret vore så gale, me hadde jo trass alt hatt ein kjekk tur.

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar