Skiweekend til Liland, 14.-16.mars 2014

33 vaksne tråkkarar, og ei på fem, som kanskje òg bør kallast tråkkar, hadde tatt turen til Liland denne helga. Og det på trass av vèrmeldinga som ikkje var av det beste slaget, med kulingvarsel for første kveld og natt. Og det susa godt rundt hjørnene første natta.

 

Men tilbake til fredagskvelden, og ankomsten.
For dei som fann fram til leirplassen denne marskvelden, var det jegergryte og heimelaga potetstappe som kom på bordet etter kort tid. Og som kjent gir god mat godt humør, og så vart det òg denne kvelden.
 
Lørdagsmorgon, etter at me hadde fått litt næring både til kropp og sjel, sette me oss i bilane og køyrde opp til Sinnes, eller meir bestemt Hønedalen. Og i motsetning til på Liland, som ikkje ga store tankar mot vinter og skigåing, var det her nok av snø.
Dei fleste ville ut på ski. Me hadde planar om to forskjellige turar. Ein kort, som etter kvart blei anslått til ca 9 km, og ein lengre som var rundt 2 mil. Sistnemnde gjekk over fjellet til Fidjeland, og tilbake nede i dalen. Den korte versjonen gjekk i ei rundløype i Hønedalen.
Vèret blei på ingen måte så gale som me gjerne hadde frykta. Me hadde fint turvèr. Litt kaldt i ansiktet blei det, og sikten minka betydeleg, då ei snøbyge fòr forbi. Men pytt, det er jo vinter, så slikt toler ein. Turane gjekk greitt, og det at han som kalla seg turleiar på den lengste turen, gjekk av seg skibindingen, får bli ein annan forteljing.
Vel tilbake til Liland, og etter ein tur innom dusjen, stod tacoen klar på bordet, og det er jo alltid ein suksess. Litt ut på kvelden hadde me delekveld, med mykje fin song og veltalte ord. Elles gjekk det i speling og drøs.

På søndagen hadde me òg tenkt at det skulle verta skitur, men dengang ei. Vèrmeldinga var heller dårleg, så folk takka nei til meir skigåing. Og då vart det slik. Dei seks sprekaste lurte seg ut og gjekk ein times fottur, i stort sett solskin, men dei fleste heldt seg inne, og engasjerte seg i spelebransjen.
Dagen og turen enda med utvask. Etter ein time eller to med vaskefillene, skein Liland som sjeldan før, liker me å tru iallefall.
Og så var det takk og farvel for denne gong.
Ein del av dei som fòr heim gjennom Hunnedalen, utsette avskjeden, og stakk innom Byrkjedalstunet, for ein god søndagsmiddag.

Med dette vil turleiarane, Audun og Pål, få takka for ei fin helg!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar