Skiweekend til Mesnali 30. nov. til 2. des. 2012

Vi var ein god gjeng som reiste frå fjord og fjøre, og opp til fjell og Gudbrands dype dal denne første helga i desember. Det var lite som minna om kvit jul, der vi køyrde oppover mot Mesnalia. Men stemninga var god og endå bedre vart den etter kvart som vi ramla inn i Etiopia, vår heim dei neste to døgna. Vi spiste godt og lada opp til ein laurdag ute i frisk fjelluft. Livet var fint.

Nokre var litt skeptiske sidan det var lite snø på Mesnalia, men nokre få minutt i bilen til Sjusjøen løyste alle problem. Her var det flotte forhold og nypreparerte løyper! Litt kaldt var det, men det gjorde berre at det vart eit gnistrande (evt. knakande) føre. Dermed var vi alle ute på flotte skiturar denne dagen.

Søndag morgen møtte oss igjen med deilig er den himmel blå. Igjen vart skia plukka fram og livet var bra der vi sklei inn i det julekortet som låg formfor oss.

Men tida kom dessverre for heimreise. Bilane vart pakka og kursen vart satt i heimretning. Det var både langreiste og kortreiste tråkkere på denne turen. Turlederane vil takke dere alle for ein flott tur og ønske dere alle velkommen tilbake på nye turar!

Både til alle som var med på turen og alle andre så vil vi gjerne få sende dei beste ønsker for det nye året:

Godt nytt år !

Fredrik og Per Ståle

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar