Skomakernibbå 15.september 2013

Fire frå Stavanger, og to frå Tau; det var gjengen som ville på tur denne sundagen. Vèrmeldinga var vel ikkje så verst, så lenge me såg til å koma oss ned frå fjellet før kvelden, for då melde dei regn og liten storm. Og sidan skodda frå tidleg morgon var forsvunnen, så såg tråkkarane lyst på tilværet.

Me parkerte bilane på Hagalid, som ligg ein lang, bratt, svingete veg, der du ikkje har lyst å møta bilar, opp av Hjelmelandsvågen. Regntøy vart vurdert, men det regna jo ikkje, ja, men for å sleppa å grapsa seg til, ok, regnbukse på. Og det var eit lurt val, for deler av stien var både blautt, myrete og sorpete…

Fyrste del av turen gjekk langs veg, ganske flatt. Så kom motbakken, med trær, myr og sorpa. Og til slutt var det berre sjarmøretappen att, med lettkupert fjellandskap og veldig god utsikt. For skyene som me frykta kunne siga nedpå, heldt seg i god høgde over oss.

Etter som me nærma oss målet, var det fleire plassar me berre måtte stoppa opp, for å fotografera.

Men me kom fram til slutt, eller det vil seia, til sjølve Skomakernibbå, kom me aldri. Det er ikkje den plassen folk vert anbefalt å gå ut, med mykje lause steinar, og langt ned å detta…

Me sette oss ned på platået over skomakernibbå, viss det kan kallast eit platå. Det var ein utstikkande nase, som ein eller annan gong vil fylgja etter Skomakernibbå ned i Jøsenfjorden. Men nok om det, me satte oss ned for ein matbete. Ein termos ville òg ut å sjå. Han hoppa frå den eine sekken, ut på berget, og trilla bortover. Alle stirra stivt på denne galningen, no må du snart stoppa, og der stoppa han, mesten. Men han snudde berre, og trilla mot kanten, og stoppa mesten igjen, før han trilla utføre.   Stakkar…..    Men no har me iallefall ein tur klar på programmet til våren: ein femstjernes redningstur, frå Jøsenfjorden og opp.

Alt har si tid. No måtte me snu ryggen til termosen, og starta på heimturen, før uvèret kom. Det kom litt duskregn etter kvart som me gjekk, men ikkje verre enn at me berre var lett fuktige på jakkane, ved ankomst Hagalid.

Alt har sin sjarm. Ein av tinga i så måte, er å køyra heim frå tur, medan det regnar meir og meir ute…

 

Takk for ein fin dag!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar