Skøytetur i Dyrkolbotn, 10.01.16

8 glade og godt påkledde tråkkarar samla seg på isen på Botnavatnet. Vi bora hol i isen for å sjekke tjukkelsen, men etter forsøk med eit litt sløvt bor, stolte vi på meldingane frå tidlegare i veka, som meldte godt over forsvarlege forhold. Lengdeløparar, danse- og hockeyskøyter kom på, medan innpakkinga vart holdt godt fast […]

8 glade og godt påkledde tråkkarar samla seg på isen på Botnavatnet. Vi bora hol i isen for å sjekke tjukkelsen, men etter forsøk med eit litt sløvt bor, stolte vi på meldingane frå tidlegare i veka, som meldte godt over forsvarlege forhold.

Lengdeløparar, danse- og hockeyskøyter kom på, medan innpakkinga vart holdt godt fast for å ikkje blåse vekk. Isen var ein fryd å gå på! Litt snø og fokk på toppen trakk litt ned for dei beste skøytegåarane, men lagde fine mønster på isen. Bålbyggjaren takla utfordringa med å tenne opp i god vind. Nokre lokale Nordhordalendingar joina oss på isen, og var hyggeleg selskap!

Skøytegåarane utan skøyter fekk varme seg i Fjellstova.  Der vart det etterkvart servert kaffi, og vi hadde gode samtalar. Flash-back til gode gamle leirskuletider vart tekne fram. Ein stor honør og takk til Dyrkolbotn Fjellstove og leirskule som opna dørene for oss.

Andakt og fellesbilete vart gløymd. Eit godt utgangspunkt for andakta er «eit grunnlag som ber» –  noko å tyggje vidare på.

Tusen takk for ein fin skøytedag!

Kommentarer

kommentarer