Skøytedag på Jonsvatnet

Laurdag 11. Mars møtte det opp 4 stykk klare til tur på Jonsvatnet i Trondheim. 2 stykker på hockeyskøyter og to på turskøyter, men alle med skistavar så det gikk greitt å gå ei runde på ca. 15km.

Opprinnelig var det tenkt skitur, men manglande snø gjorde at dette måtte avlysast. Dette var det nok ingen som deppa over der vi i god fart bevegde oss ut på drikkevatnet til Trondheim.

Veiret var nydelig med vindstille og nokon få minsgrader, så vi hadde ein lang lunch i «solveggen» på eit nes. Det er vel ikkje heilt lov tidlig i februar, men litt klaging på manglande solbriller vart det, som de kan sjå på dei obligatoriske mysebileta.

Kommentarer

kommentarer