Viktige datoar
- 1.feb – meir informasjon om stad og turar
- 1.mars – påmelding åpnar. Pris 1800 kr
- 15.mai – prisen for sommarturen aukar til 2200 kr
- 1.juli – prisen for sommarturen aukar til 2600 kr
- 22.juli – sommarturen startar
- 28.juli – sommarturen sluttar
Borg/Bøstad i Lofoten
Lofoten er eit attraktivt reisemål for turistar frå inn- og utland som ynskjer å oppleve den spektakulære naturen. Vestvågøy er ein av dei mest populære turområda i Lofoten. Her er det mogeleg å gå både korte og lange turar til toppar med storslått utsikt over hav, fjell og strender. Det er aldri langt til havet, der ein kan surfe, padle kajakk, fiske, og dei som ikkje er redd for kaldt vatn kan ta seg ein symjetur i bølgjene. Her kan ein også få utsikt mot sola som så vidt går ned i havet før soloppgang.
Midt på Vestvågøy, ca 2 mil nordaust for Leknes, ligg Borg. Her er det blant anna ein skule der vi skal ha kveldssamlingar. Det er også butikk og ei kyrkje i nærleiken som vi kan nytte.
Kontaktinformasjon:
Generelle spørsmål kan stillast til ein av leirsjefane.
Leirsjefar – Mari Stølen og Tarjei F. Damman
Påmelding/Betaling – Trond Ougland
Turar – Njål Rotevatn