BORG I LOFOTEN, 22.-28. JULI

BORG I LOFOTEN, 22.-28. JULI

BORG I LOFOTEN, 22.-28. JULI

BORG I LOFOTEN, 22.-28. JULI

Kva er Tråkk sommartur?

Tråkk er ei tverrkyrkjeleg friluftsgruppe som har fem lokallag rundt om i landet. Gjennom året gjennomfører vi turar på vatn, i skog og på fjell på alle nivå. Heile Tråkk-konseptet er basert på dugnad av folk som brenn for friluftsliv innafor ei kristen ramme. Alle Tråkk-arrangement er rusfrie. Tråkk har ikkje medlemskap.

Sommarturen er eit samarbeid mellom dei fem lokallaga. Turen er alltid i veke 30, og i 2018 arrangerer vi den tjuande turen i rekkja. Turen flytter seg frå plass til plass kvart år. Vi ynskjer med sommarturen å lage eit lavterskel turtilbod for alle friluftsinteresserte, der trua på Gud får sin viktige plass. Vi håpar vi saman med deg kan lage ei veke vi seint vil gløyme, med mange gode opplevingar, nye bekjentskap, og kveldssamlingar med substans. Om Tråkk er heilt nytt for deg, eller om du har vore med på mange Tråkkturar før; Du er veldig velkommen!

Viktige datoar

  • 1.feb – meir informasjon om stad og turar
  • 1.mars – påmelding åpnar. Pris 1800 kr
  • 15.mai – prisen for sommarturen aukar til 2200 kr
  • 1.juli – prisen for sommarturen aukar til 2600 kr
  • 22.juli – sommarturen startar
  • 28.juli – sommarturen sluttar

Borg/Bøstad i Lofoten

Lofoten er eit attraktivt reisemål for turistar frå inn- og utland som ynskjer å oppleve den spektakulære naturen. Vestvågøy er ein av dei mest populære turområda i Lofoten. Her er det mogeleg å gå både korte og lange turar til toppar med storslått utsikt over hav, fjell og strender. Det er aldri langt til havet, der ein kan surfe, padle kajakk, fiske, og dei som ikkje er redd for kaldt vatn kan ta seg ein symjetur i bølgjene. Her kan ein også få utsikt mot sola som så vidt går ned i havet før soloppgang.

Midt på Vestvågøy, ca 2 mil nordaust for Leknes, ligg Borg. Her er det blant anna ein skule der vi skal ha kveldssamlingar. Det er også butikk og ei kyrkje i nærleiken som vi kan nytte.

Kontaktinformasjon:

Generelle spørsmål kan stillast til ein av leirsjefane.

Leirsjefar – Mari Stølen og Tarjei F. Damman

Påmelding/Betaling – Trond Ougland

Turar – Njål Rotevatn