ÅRETS TURAR

Forklaring til fargekoder

5 stjerner – rød
4 stjerner – orange
3 stjerner – gul
2 stjerner – blå
1 stjerne – grønn
Ikke gradert – lilla

Klikk her for detaljert beskrivelse.

Har du spørsmål om turene kan du kontakte leder for turkomitéen Margrethe Svendsen.

Årets turar

Kvar dag reiser vi ut på tur. Mandag, tirsdag, torsdag og fredag er det fleire turar å velje mellom. Der er turar på alle nivå, frå lette turar på traktorvegar, til krevjande turar på høge fjell. Alle turane startar med oppmøte på leirplassen, og vi koordinerer transporten derfrå.

På kvar tur er der mellom fem og tretti plassar. Påmeldinga til dei fleste turane skjer kvelden før. Enkelte krevjande turar som krev innleigde guider, vil ha påmelding i forkant. No er detaljert vekeplan for turane publisert, og tidspunkt for forhåndspåmelding er 20. juni, for dei turane som krev det.

Påmelding til dei andre dagsturane skjer kl 19 dagen før.  Ved dårleg vêrmelding kan det være aktuelt å avlyse turar eller å sette opp mer sikre alternativ.

Dersom du lurer på kva tur som passar for deg, spør turleiarane eller ein i turkomiteen.

På onsdagen er det fellestur med friluftsgudsteneste. I år går denne turen til Tystadstøylen, omlag to timar gåtur frå leirplassen. Ved helsemessige behov er det mogleg å verte køyrd nesten heilt fram. Etter fellesturen har vi felles grilling på leirplassen.

Vi tar atterhald om endringar i turprogrammet.

Velkommen på tur!

Påmeldingen til guidede turer! Klikk på turen i oversikten under!