Steinkjerringa, 20.oktober 2013

Me var ein handfull tråkkarar, med det meine eg fem, som ville på tur denne søndagen. Men det er no ikkje alltid det går som ein vil; eine tråkkararen gjekk åveltes etter forholdsvis kort tid, fekk seg ein smell, og me vurderte det slik at det gjerne var det tryggaste å snu, i fall det […]

Me var ein handfull tråkkarar, med det meine eg fem, som ville på tur denne søndagen. Men det er no ikkje alltid det går som ein vil; eine tråkkararen gjekk åveltes etter forholdsvis kort tid, fekk seg ein smell, og me vurderte det slik at det gjerne var det tryggaste å snu, i fall det skulle bli verre. Og så vart det, han gjekk attende til Holmavatn, der bilen stod, og me andre fortsette.

Yr hadde sagt me ville få regn og vind med oss på tur, men det var så vidt at det var sant. Me kunne kjenna nokre få ørsmå dropar mot huden, men du kunne ikkje sjå dei, så det var eit fint turvèr.

Stien me gjekk på var brei og god, prega av at det er ein populær stad å gå tur på. Det var rett nok ikkje så mange ute denne dagen, men åleine var me ikkje. Dette var ein rundtur. Ser ein på kartet, så ser løypa ut som ein likesida trekant. Først sørover til Steinkjerringa, så nordaust mot Synesvarden, og til slutt vestover til Holmavatn.

Vel framme ved Steinkjerringa, måtte me finna fram kamera, og knipsa litt, og samtidig undrast litt, og la seg imponera over at folk tok på seg oppgåva med å frakta denne kolossen av ei kjerring langt inn på Jærens tak.

Vidare mot Synesvarden var stien ikkje så mykje brukt, men opp kom me, og me fekk nyta utsikten i fulle drag. Spesielt var det å sjå vindmøllene på Høgjæren ovanfrå. «Dette er Jæren på sitt ypperste», vart det hevda, og det skal få stå utan motsegn.

Det bles godt på toppen, som det ofte gjer. Litt for mykje til å sitja ned, så me gjekk litt nedover, til me kom i lesida av ein skog. Her var det fint å eta matpakka, og å få eit Gudsord.

Me fekk sekken på ryggen att, og starta på siste etappen. Det begynte å dryppa litt meir no, men me hadde vinden i ryggen, så me slapp å bli piska av regnet i andletet.

Då turen var til endes, hadde me gått ein runde, og klokka hadde gått tre rundar.

 

Takk for fin tur!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar