Strandtur fra Bore til Revtangen, 8. januar 2012

Det var ingen som hadde møtt opp på jernbanelokket, på denne fyrste tråkkturen i året. Men kva gjer vel det, når nitten glade tråkkarar står klare på parkeringsplassen på Borestranda? Etter litt småsnakk og lykkeønskningar om eit godt nytt år, samla me oss og la i veg sørover. Rasmus, som kjentmann, leia an, og me andre […]

Det var ingen som hadde møtt opp på jernbanelokket, på denne fyrste tråkkturen i året. Men kva gjer vel det, når nitten glade tråkkarar står klare på parkeringsplassen på Borestranda?
Etter litt småsnakk og lykkeønskningar om eit godt nytt år, samla me oss og la i veg sørover.
Rasmus, som kjentmann, leia an, og me andre kom etter som best me kunne.
Nå var dette ein av dei betre dagane når det gjaldt vèret, det var faktisk bortimot fint vèr, så me trong ikkje vera redde for å verta blaute av regnet.
Men kjem ikkje bløyta ovanfrå, så kjem ho i frå sida:
Vinterstormane hadde tatt godt for seg av stranda, så stranda var kort, og sanddynene bratte der dei byrja. Når då dei største bølgjene kom,
og enkelte heller ikkje alltid fylgte med, ja så gjekk det som det måtte gå…
Me hadde enkelte småstopp for å halda troppene samla, elles gjekk turen godt.
Me hadde satt Revtangen som målet der me ville snu, men då me var komne til småbåthavna på Reve, var alle samde om at turen var lang nok nå.
Og då vart det slik. Tida var komen for ein matbete, og eit ord for dagen.
Returen gjekk godt den òg. Alt går godt i godt lag!
300 meter før parkeringsplassen, dukka den tjuende tråkkaren opp, men han fekk òg godkjend oppmøte og stjerna i boka.
 
Rasmus hadde nå invitert til lappa og kaffi, og omlag to tredjepartar av gjengen var innom hjå han for drøs og kaffi.
 
Takk for fin tur
 
Rasmus og Pål

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar