Strandtur, Sola-Ølberg, 5. januar 2014

Femten tråkkarar dukka opp på parkeringsplassen, råklar for nyårstur, og dei hadde forstått det sjølvsagte; at ein tråkktur er viktigare enn tour de ski. Rektignok hadde enkelte vore litt i tvil, men hadde landa på rette avgjerda. Den sekstende, som mesten hadde lova å vera med på tur, greidde ikkje å riva seg laus, og gjekk dermed glipp av ein fin tur, men nok om denslags...

Turen starta med sandstrand i Regebukt, tørt og godt. Fortsatte på beite, som var lettare fuktig, eller det er kanskje rektigare å sei at det var lett å merka at det har regna heile dette året, og viss ikkje hukommelsen er heilt på styr, så regna det visst litt før det òg… Opp og ned, mellom forrevne bergnabbar gjekk det òg.

Nærmare Ølberg måtte me kryssa eit sorpehav, eller det vil sei, me måtte ikkje, men dei fleste gjorde det. Og det var då ikkje til å unngå at smilebåndet blei trekt på, når ein studerte stilen til dei som prøvde å hoppa eller stiga det lengste dei kunne, og det var jo ikkje alltid langt nok… Me kom fram til Ølbergstranda, og gjekk den til endes, til hamna. Her satte me oss til ved eine sjøhuset, for ein velfortent rast.

Turen gjekk same veg tilbake, kanskje ikkje rett igjennom sorpehavet, men sånn elles…

På slikt eit fuktig føre, både på steinar og mark, var det mest ikkje til å unngå at nokon enda opp i horisontalen. Fasiten var minst tre, men humøret var på topp, både hos dei som datt, og dei som såg på .

 

Takk for ein fin tur!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar