Sykkeltur i Nordmarka 14. september

Søndagstur på to hjul i Nordmarka var ein suksess i fjor, så 14. september stod nok ein gong ein gjeng tråkkarar på t-banestasjonen på Frognerseteren klar for å rulle gjennom marka. Herleg haustver og 8 smilande syklistar tyda på at årets versjon og skulle bli vellykka.

Første etappe gjekk forbi Nordmarkskapellet, inn på sti forbi Blankvann og vidare til Kikut. Syklane vart trilla innimellom, men alle fekk prøve seg på litt stisykling og. Framme ved Kikut dukka det opp ein tråkker til med humøret på topp. Det vart forhandla fram lang nok pause til å kunne få seg  både kaffi og noko attåt.

Tilbake på syklane gjekk turen langs Hakloa, forbi Trehørningen til demninga mellom Elvann og Langvann. Her vart det matpause og ord for dagen og god tid til å ligge og nyte sola.

Siste etappe gjekk forbi Ørfiske og Movann, ned Skillingsdalen og til Kjelsås. Turen vart avslutta med is i sola på trappa til ein sushirestaurant på Kjelsås. Det vart prikken over i’en på ein nydelig tur gjennom Nordmarka.

 

Takk for turen!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar