Sykkeltur i Sørlandsidyll

Fem tråkkarar møtte på pinsefest eller økumenisk gudsteneste i Fjære i Grimstad.

Denne skulle eigentleg vore i Fjæreparken, men vart flytta inn i kyrkja på grunn av regn. Då me kom ut av kyrkja regna det framleis. Lapskausen på kyrkjekaffien i FMU-bygget freista meir enn grilling, og me lot oss freista.

Men etter kvart måtte me ut i regnet og sykla. Den eine skulle på jobb, så då var me fire igjen. Målet var Marivoll og Rønnes. Me sykla via Grefstad og kom ut ved golfbana på Hodnebrog. Der helste me på sauer og lam i fagert og blømande klulturlandskap. Vidare tok me av på den smale vegen til Marivoll. Den gjekk mellom anna over Hesneskanalen på ei lita bru.

På Marivoll inspiserte med ei tyskarbrakke som Postmannslaget eigde fram til 2006. Selskapet for Grimstad bys vel har no kafé der kvar sundag og leiger den ut med 30 sengeplassar. Derfrå gjekk me opp på Rossekniben, høgaste punktet her ute, 56 moh. På toppen stod me på eit kystfort frå 2. verdskrigen.

Me sykla så ein handicapsti til ei brygge sør på Marivold og returnerte forbi Paradisbukta. I gråveret kunne eit par av oss minnast pinsa i fjor då me låg og drog oss på svaberga her og bada i 18 graders sjø. Men regnet letta, og det vart betre utover denne dagen også. No gjekk me over i ein verkeleg idyllisk del av turen. Først kom strandpromenaden bort til trebrua over sundet. Så kom Rønnes med kvite trehus og koselege hagar. Frå Rønnes er det ikkje langt over til Biodden ved Grimstad sentrum.

På veg tilbake til Fjære tok me ein tur om Drotningviga og Drottningborg. På vegen inspiserte me nyekaien til dei som bur ute på Hesnesøy. Og oppe på Drottningborg nytte me utsynet til Hesnesøy. Med alle desse krinkelkrokane vart turen eit stykke. Vel framme ved Fjære kirke att kjente me godt årets første skikkelege sykkeltur i kroppen.

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar