Tidenes påske i Hjartdal

Fiolett spesial under, sol over og mange trivelege tråkkarar rundt.

Etter to snøfattige år i Hjartdal kom endeleg draumepåska med mykje snø, strålande sol og silkeføre. 5 mil oppkjørte løyper låg framfor oss. Me var tolv tråkkarar frå Stavanger, ti frå Sørlandet, ni frå Oslo og tre frå Bergen. Turleiar Tor Sigurd peika ut ein felles pauseplass. Så kunne me berre boltra oss i løypene, etter smak og evne. Me medelmådige skigåarane beundra sprekingane som gjekk 3-mila til postkassen ved Lekkjenuten dei første dagane. Men før turen var over, hadde me gjort det sjølve og opplevd det opne landskapet innover med dei vakre fjella rundt. Livet kan til tider vera svært bra for tråkkarar.

Det skada heller ikkje at den hardtarbeidande matansvarlege Inga Marie, kjøkkenhjelparane og kakebakarane trylla fram dei deiligaste middagsrettar og kaker. Ryktet om Tråkk Sørlandet som gourmet-Tråkk fekk næring. Det fekk også det åndelege livet. Fine ord for dagen, kveldsandakter og god fellessang gav påskeferien eit djupare innhald. Folk stilte opp på alle vis og medverka til trivsel. Det var berre for koordinerande turleiar Kjellfrid å dra lett i trådane, så gjekk det meste av seg sjølv.

Men ved eit tilfelle begynte bekymringa å siga litt inn. Det var langt ut i middagen siste kvelden, og den største milslukaren hadde ikkje kome tilbake frå sin 53 km singeltur. Det nærma seg skumring, og me lurte på om me burde senda ut ein patrulje på leiting. Så, klokka 19.45 kom han ubekymra susande ned til hytta og vart heia inn – i den tru at klokka var 17.45. Sommartiden, hei, hei, sommartiden. Hugs at når me stiller klokka, skal den alltid stillast mot sommaren.

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar