Tomannsbu vart til Ådneram, 6.-7. februar 2015

Uvêret "Ole" sette ein stoppar for planlagt tur til Tomannsbu, men kva gjer vel det når me kunne reise til Ådneram og oppleve ski- og snøglede der!

Det var ein gong at Tråkk Stavanger planla tur til Tomannsbu, ein tre timars skitur inn frå Hunnedalen. Attpåtil skulle det vere ein fullmånetur, dvs heilt fullmåne var det ikkje då det hadde vore eit par dagar før denne fredagskvelden. Turleiarane var tidleg godt nøgde med gode vêrmeldinger, men kva skjer. Jau, ansvarlege som dei var og sjekka yr.no annankvar time før høgfjellstur, så endra meldingane seg frå fint og klart vintervêr til kuling og storm.

Tomannsbu kunne det ikkje verte, kva med fjellgarden Mån? Nei, der var det vinterstengt og ikkje rom for dei gode Tråkkarane. Ja, men me vil på ski! Turleiarane drøymde om korleis det murra i folket. SKI, SKi, Ski, ski, ski……  Me vil vekk ifrå regn i byen, me vil sjå snø! SNØ, SNø, Snø, snø, snø…. Neste forsøk, Ådneram. Alle gode ting er tre, så det gjekk i orden. Og så levde dei lukkeleg alle sine dagar på Ådneram, og er dei ikkje komne heim, så er dei vel der ennå!
Tja, det vart ikkje så mange dagar på Ådneram, men ei natt vart det, og det på ein halvtrong klaustrofobisk hems! Me reiste ifrå Sandnes ca kl 18, sjukdom gjorde at 12 vart til 10, men mørkt og regntungt som det var, trur eg dei fleste såg fram til lyse, snøkledde fjell. Vel framme, var det klart at vi ikkje var aleine på Turistforeinga si hytte på Ådneram denne kvelden. Det var så godt som fullt før me kom, men hemsen vart vår! Og i tillegg til nokre madrassar rundt omkring i hytta, så fekk me iallfall husrom for natta. 
Først var det på tide med litt middagsmat, og deretter gjekk turen ut med hovudlykt. Me var usikre på om månen ville gje oss nok lys. Turen innover til Flatstøl er på ca 3 km, og der hadde me kakao og eit ord for natta, før me returnerte same veg. Det var ein magisk augneblink når me kom rundt eit fjell og omtrent vart blenda av månen! Ok, blenda er vel i sterkaste laget, men sterkt var det iallfall på fleire måter! Vel tilbake på hytta hadde klokka allereie vorte over eitt om natta. 

Neste morgon vart det sagt av ein av deltakarane: eg har sove mange gonger i løpet av natta. Det var vel slik for dei fleste av oss, men med litt kaffi i koppen og mat i kroppen så er ein ny dag i gang. 
Laurdag stod valet mellom ein vindfull skitur eller ei blaut oppleving i å grave snøhole. Me fordelte oss på begge to, og fekk lirt utav oss det siste av ski- og snøfantasiar før me pakka. Først måtte med pakke oss inn i gode vinterklede, så pakke inn i bilane. Det viste seg nemleg at pakking i bil kan vere utfordrande nok i storm på fjellet, og hadde me ikkje forstått det før, så forstod me det iallfall då: det ville vore umogleg å vere på Tomannsbu i sånn ein vind! 
Takk for gode minne og takk for turen! 

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar