Topptur i Rondane

Fem tobeinte og ein firbeint sette kursen mot Rondane fredag ettermiddag. Med avreise etter jobb og ein middagsstopp på vegen var det mørkt før vi var framme ved Spranget og kunne ta på ryggsekkane. Hodelyktene trengtes ikkje for månen lyste opp vegen inn mot Rondvassbu. Hunden Shadow fekk nok den tyngste børa i forhold til kroppsvekt, men det stoppa han ikkje frå å stikke av garde etter nokre stakkars sauer. Eigaren sprang etter med imponerande fart i mørket. Shadow enda jakta med eit bad i elva og sauene såg vi ikkje meir til. Nordlyset dansa på himmelen over Rondvassbu og gjorde turen ekstra spektakulær. Då det nærma seg midnatt fann vi fram hodelykter og slo opp telta ved elva og krøyp i soveposane.

Laurdag vakna vi til blå himmel og fekk sjå det vakre landskapet rundt oss. Etter frukost pakka vi dagstursekk og begynte på turen til Rondslottet. Vi var langt frå dei einaste som ville til topps på Rondslottet denne fine haustdagen. Då vi kom opp på eggen til Vinjeronden blåste det skikkeleg og vi tok på jakker. Det viste seg at den kraftige vinden var nokså lokal så jakkene vart etterkvart lagt i sekkane att. Nærmare toppen låg restar av sesongens første snø, men den minka nok fort i varmen. Ei skikkeleg forkjøling sette ein stoppar for ein av deltakarane, som fann ut at det nok var best å returnere til teltet og slappe av. Resten heldt fram til Vinjeronden (2044 moh) og bortover eggen mot Rondslottet. Litt nedanfor toppen på Vinjeronden tok vi matpause. Med sterke karar på tur var det ikkje nokon sak å flytte på nokre steinheller, så vi fekk oss flott bord og benk i pausa. Då vi kom opp var det mange som satt og kosa seg i sola. Det er ikkje sjølvsagt at det er godt og varmt på 2178 moh i september, men det var det denne dagen. Geocachen på toppen var ikkje så lett å finne – skildringa «bak noen stein» kunne vera kvar som helst. Med nydelig utsikt og god stemning var strevet på turen vel verdt det likevel. Turmålet for dagen var nådd og vi tok fatt på returen.

Tilbake i leiren var det godt å sette seg ned og starte med middagslaging. Ei teltstang knakk med eit smell, men legen var klar for å reparere bruddet. Og med reservedelar og litt hyssing var teltstanga kjapt like heil og på plass i teltduken. Viltgryte og potetmos, og brownies til dessert gjorde godt etter ein real topptur. Det var rikeleg med mat og Shadow var svært nøgd med å få rester. Då mørket senka seg krøyp nokre ned i soveposen, medan andre utforska hyttelivets gleder på Rondvassbu ei lita stund.

Søndag hadde toppane gøymt seg i skyene, så vi tok ein god, lang søndagsfrukost med blant anna god kaffi og brownies. Sidan både tida og veret gjorde ny topptur lite aktuelt bestemte vi oss for å heller returnere litt tidlegare enn planlagt. Snart var leiren pakka i sekkane og vi tok fatt på turen til bilane. Vi fekk oss ein sein lunsj, eller tidleg middag på Statoil i Otta før vi sette kursen mot Oslo.

 

Takk for ein flott tur!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar