Topptur til Gjendesalpene, 1.-3. sept 2017

Fredag ettermiddag - tett og saktegåande trafikk ut av byen. Etterkvart løyser trafikken seg meir og meir opp og vi legg byen bak oss. Over fjellet har haustfargane byrja å bli synlege i lyng og bjørk, og månen kjem til syne over horisonten, dette lovar bra.

Litt over ni er alle framme på Vargbakken på Valdresflya. Vi fordeler fellesutstyr, får i oss litt mat, finn fram hodelyktene og legg i veg innover mot Leirungsdalen i det konturane av Knutshøe forsvinn inn i nattemørkret. Trafikkduren blir raskt bytta ut med susing i trea og brusing i bekkar. Etter ein god halvtime ser vi lys og blir tekne imot av turleiarane som har funne teltplass før det vart mørkt. Dei heldigaste av oss kjem fram til ferdig oppsett telt.
Etter litt praktisk informasjon om morgondagen er det berre å sette opp telta, pakke sekken til dagen etter og krype i soveposen.

Laurdag morgon står vi opp med sola, vi har ein lang tur føre oss og det er viktig å nytte dagslyset. Lufta er frisk og sola minner oss om at solfaktor og solbriller må med. På dei høgste toppane er det nysnø, håpar ikkje den gjev oss for store utfordringar på turen, det hadde vore kjekt om vi kunne nå alle fem toppane i dag!
Like over sju leirar vi etter den tørraste vegen over myra før vi startar oppstigningen til dagens første topp, Bukkehåmåren. Første spor av snøen som kom i natt ser vi på om lag 1800 meter, og sidan sola neppe fjernar den må vi nok gå ein del i snø i dag. Når vi nermar oss toppen blir fjellet meir alpint og vi kan sjå Gjendebåten frakte folk innover den blågrønne Gjende.

Vel framme på Bukkehåmåren, 1910 moh, kan vi nyte utsikta og fylle på med litt næring før vi går vidare.
Vi held stort sett høgda bortover ryggen mot dagens andre topp, Kvassryggen, 2071 moh. Sjølv om vi gjeng forholdsvis flatt oppe på ryggen er landskapet majestetisk og utsikta upåklageleg. Samtidig ser vi at vegen vidare mot Høgdebrotet kan by på fleire utfordringar. Men utfordringar er berre kjekt, og etter litt rekognosering og tau finn alle vegen opp til dagens andre totusenmetring, Høgdebrotet, 2226 moh.
Stemninga er god, vi ligg godt an, og tek ein liten pause og litt påfyll før vi held fram sørvestover ryggen vest for Steinflybrean mot Steinflytinden, 2318 moh, dagens luftigaste topp.
Vegen bort til dagens siste topp er kort, men blei litt lenger enn venta sidan vi måtte litt ned for å finne ein farbar veg, men til slutt stod vi på dagens femte topp og dagens høgdepunkt, Tjønnholstind, 2331 moh.

Etter ein god pause med både niste og kake er det på tide å sette kursen nedover igjen, det er langt tilbake til leiren, og vegen blir ikkje kortare av uoversiktleg terreng og bratte brear som må rundast, men etter drøyt tolv timar på tur er vi endeleg tilbake ved telta. Ein sliten men fornøgd gjeng tek til på middagskokinga i det skumringa trekkjer nedover lia og månen kjem fram over fjella i sør. Laks og pasta går ned på høgkant og når desserten kjem fram kan det vel knapt bli bedre.
Sjølv om det er god stemning i måneskinet rundt telta i den klåre og friske fjellufta, går det ikkje så lang tid før slitne kroppar lengtar etter soveposen.

Søndag morgon vakna vi til sol frå skyfri himmel og rim på bakken, og ikkje minst så diska turleiarane opp med ein imponerande frukostbuffet, så det var berre å krype ut av soveposen og setje seg til bords, takk!

Etter ein god frukost gjekk vi frå telta mot bilane før turen gjekk nordvestover over Knutshøe. Ein flott tur over heile ryggen på det frittliggjande fjellet med god utsikt til alle kantar. Flotte haustfargar, godt lag, mektig utsikt og gode samtalar. Over eggen vart det og snakka om tru og verdiar og kjernen i kristendomen, snakk om å gå i ferdiglagde gjerningar.

Etter rundturen over Knutshøe pakka vi ned tørre telt og gjekk mot bilane, så gjekk turen tilbake til byen og kvardagen, men minna om helga blir med heim.

Takk for turen!

Skrevet av Svein Olav Dyrhol

Kommentarer

kommentarer