Tråkkhelg på Slåtto 9.-11. mai 2014


Fredag ettermiddag ankom gjengen frå Tråkk Stavanger til Hebnes kai. Etter at Audun hadde bada og nesten fått posta det på verdsveven, bar det ei mil innover fjorden til den vesle garden Slåtto.
.

 Vel innlosjerte på rom dekka me bordet og delte eit fantastisk rekemåltid. Lappar under tallerken skulle skape stemning rundt bordet, men det vart ikkje så mykje snakk om onkelen, å ete frå andre sin tallerk eller å avbryte når andre snakka. Likevel var det herleg stemning rundt bordet! I det øyeblikket kor Øystein nevnte kaffi, spratt dei fleste opp frå stolen. Det var tydeleg at alle var forsynte og kjente behov for ein kaffitår. Fredagskvelden gjekk med til prat, spøt, kaffi, kake og nye bekjentskap. Utover kvelden kom dei siste gjestene, som hadde hatt seg både ein og to ferjeturar iløpet av kvelden.

Laurdag morgon strålte sola frå blå himmel, frokosten sto på bordet av morgonfuglane Pål og Stig, og humøret steig etterkvart som brødskive og kaffi kom innabords. Me pakka sekken og la i veg mot Grytenuten. Først opp ein skogsveg me nyutslupne kviger, deretter opp den bratte og krevande Margreta-kleiva før me endeleg kunne sjå nuten i det fjerne. Me var og innom Klebersteinsbrotet der Johanne leita iherdig etter ei bok å få skrive navnet sitt i. Etter tunge tak, nokre pausar, god prat og herleg turfølge nådde me toppen. Her fekk me testa geografikunnskapane både i vest og i nord, og Hilde kunne sjå nesten heim til Kvinnherad. Så var det tid for bad igjen, denne gongen Øystein og Pål i eit fjellvatn med snø i!
Vel nede igjen måtte me ha ispause på butikken før me tråkka oss heimover til dusj, heimelaga pizza, balansekunst på lina, melodi grand prix, speling og leiking. Utover kvelden fekk ein teste konkurranseinstinktet, og pakkeleiken fekk latteren til å runge. Ikkje verst å få pakke for finaste bak, størst lommebok, lekraste legger eller finaste antrekk!

Søndag morgon var det igjen duka for frokost før me pakka sekken og la i veg mot Fjetlandsnuten. Det småregna noko, men dette ga seg etterkvart som me tråkka oppover bjørkeskogen. På toppen bles det godt, men me rakk å ta bilete og skrive i boka før me gjekk litt ned igjen for å få i oss ein matbit.
Vel nede igjen, pakka ein seg ut og fekk i seg ein matbit, før det bar avgarde til båten og byen att.

Takk for ei fantastisk kjekk helg!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar