Tur på Møsnuken 23.oktober 2015

Etter  å køyrt i retning Os,  kjøpt vatn og parkert 2 bilar i Tyssdalen, køyrte vi tilbake til Søfteland og Gåssand, der vi parkerte dei andre bilane. I strålande sol, og skyfri, blå himmel, hadde åtte Tråkkare ein fin gåtur innover til ein gard, som låg langs vatnet.   Etter å ha gått feil, og lest […]

Lystig vandring langs fin skogsvei

Lystig vandring langs fin skogsvei

Etter  å køyrt i retning Os,  kjøpt vatn og parkert 2 bilar i Tyssdalen, køyrte vi tilbake til Søfteland og Gåssand, der vi parkerte dei andre bilane.

I strålande sol, og skyfri, blå himmel, hadde åtte Tråkkare ein fin gåtur innover til ein gard, som låg langs vatnet.

 

Etter å ha gått feil, og lest lenge på kartet, fann vi traktorvegen nede ved vatnet.

Dei neste kvartera  gjekk vi på fin traktorveg som vart til slutt til ein liten sti, til vi peila oss inn med GPS og skjøna at vi var på feil kurs. Rotvelt, bakkar, mose, open skog, masse blåbær,  ”klatring” i ulendte bakkar og på leit etter sti, prega dei neste timane.

Hvor ble det av stien???

Hvor ble det av stien???

Vi var oppe på Møsnuken i 16 –tida, og hadde ei god pause og andakt der,

Vi klarte det! Møsnuken 640 moh

Vi klarte det! Møsnuken 640 moh

 

Eit seglfly gjorde litt akrobatikk for oss, og vi fekk delt nista vår med kvarandre. Turen ned att vart gjort unna på 1 time og 15 min for dei av oss som skulle rekke å sjå Brann slå Hønefoss 3-0, medan baktroppen kom litt seinare. Det var fin eikeskog på veg ned att. Turen enda ved ei forfriskande elv med småfisk i.

Nydelig utsikt sørvestover

Nydelig utsikt sørvestover

Tusen takk for ein flott tur, herlege folk, og herleg solskinn. Og tusen takk til Dag som peila oss inn på rett kurs, og leia an når vi ikkje fann stien der vi skulle.