Tur til Fossjuvet 3.juni 2012

Søndag 3. juni snørte me på oss fjellskoa, med mål for dagen - Fossjuvet.    

Nokon møtte opp på Biltema, medan andre køyrde direkte inn til Vinddalen, som ligg i Øvre Espedal i Forsand kommune.
Vèret var litt usikkert, den store pinsevarmen frå forrige helg hadde gitt seg, men fint turvèr vart det no likavel.
Dei fleste regndropane kom på ferjeturen over Høgsfjorden.
Etter oppteljing på parkeringsplassen, noko som krevde alle ti fingrane, la me i veg.

Turen starta bratt, viss me ser vekk i frå dei fyrste 300 metrane, så me fekk fort varmen i oss.
Eit stykke opp i lia kjende ein tråkkar på seg at dette var ikkje dagen for tur, så det vart til at to snudde, og me andre måtte fortsetja med ein litt redusert flokk. Litt småpausar hadde me etter som me vandra inn igjennom heia med litt restar etter kong Vinter rundt oss, men
litt før me kom til det høgaste punktet, Sletteskaret, sette me oss ned og tok den første skjeva.
Etter pausen gjekk det i lett terreng vidare innover, og endå meir snø. Langt og lenger enn langt gjekk me. Eigentleg ikkje så veldig langt, men så, rundt ein sving og langs nokre bjørketre som stod attmed stien, og brått var me ved målet.

Fossjuvet, eit hogg på tvers av Røssdalen, så langt inne i Røssdalen at det heiter Indredalen. Ned i dette juvet renn, ikkje overraskande,
ein foss. I botnen av juvet ligg eit lite vatn, men det renn inga elv ut or vatnet, vatnet forsvinn inn i ura.
Flott å sjå på var det i alle fall.

Me rigga oss til på toppen av juvet, og fann fram matpakka. Eit ord for dagen fekk me òg her, så både kropp og sjel fekk sitt.
Alle var nøgde, unntatt to, me ville ned i juvet. Som sagt, så gjort. Me vart einige om å vera oppe igjen i løpet av ein halv time,
då måtte me starta på heimturen. Tidsskjemaet sprakk, men ikkje så mykje.
Medan me haldt på å rota nede i den bratte steinrøysa i juvet, var det hallingkast som stod på programmet oppå kanten. Desse underhaldane
krumspringa vart òg filma, men det er usikkert om trakk.no greier sikra seg desse filmsnuttane.

Tilbaketuren gjekk utan dei store hendingane, men var prega av storslått natur, fint turver, litt vind og berre blide og kjekke tråkkarar.

Tusen takk for ein fin tur

Helsing turleiarane

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar