Tur til Frafjordhatten, 6.okt. 2012

Me var fem turglade personar, pluss ein hund, som møtte opp i Frafjord denne lørdags føremiddag. Vèrvarslinga hadde heilgardert seg for dagen, og meldt både regn og sol. Det var likevel skodda, som er ein hyppig gjest i Frafjordheiane, som var det verste vèret me kunne få, i alle fall i følgje turleiar.

Me fekk køyrt ein bil opp til Molaug, der me skulle koma ned att seinare på dagen. Då ville me sleppa å gå dei fire kilometrane på asfalt ned att til sjøen og bilane.
Turbeskrivelsen sa at stien byrja i lia rett ovanfor parkeringsplassen, men den innbydande trestien festa i fjellet rett over sjøen, lokka oss ut den vegen. Det gjekk om lag hundre meter, så var stien tatt av ras, og vidare ferdsel vart for risikabel. Me snudde. Attende, med fast grunn under oss, fann me stien me skulle fylgja, og la i veg oppover. No hadde klokka alt vorte tolv.
Regnet kom og gjekk, og det same gjorde sikten, men sola var helst beskjeden, og heldt seg vekke. Me kava oss oppover i eit greitt tempo, men me hadde tid til å nyta naturen me gjekk i, og ein flott utsikt over fjorden. Vel oppe på kanten, ved Frafjordstølen (me såg ikkje bygningsrestane, men me var ikkje langt unna), satte me oss ned og fekk oss ein liten matbete. Ei ny byge jaga oss på føtene ganske snart, og det var like greitt, me hadde langt igjen å gå.
Me passerte nokre heller fuktige myrar, og tørre sko og sokkar minka det på no, men smilet var framme, me var ein nøgd gjeng. Og kvar gong sola mest greidde skina igjennom skydekket, så var stemninga endå høgare. Fram mot Frafjordhatten var terrenget flatt, eller lettkupert, så nå gjekk det fort framover på kartet. Og endeleg kom me til ein ny motbakke, opp mot Frafjordhatten! Opp ein bakke, ned ein liten, og opp igjen. Men så. Hmm… litt usikre på kva som var gale. Var det kartet eller terrenget som var feil? Me var på «hatten», men ikkje på toppen, og ikkje kom me til toppen heller frå der me var no. Men aldri så gale at det ikkje var godt for noko; me hadde iallefall god utsikt frå der me var, for no var det klarvèr, og mesten sol. Me gjekk eit lite stykke tilbake, og fann den rette stien mot toppen. Før me begynte oppstigninga på ny, tok me ein matpause. Tanken var at det var greitt å ha ein motbakke å gå seg varm i etter pausen. Eit ord for dagen fekk me òg, før me gjekk vidare.
 
Endeleg var med der, på toppen, ved målet for dagen. Mocca, hunden, hadde allereie vore oppe tre gonger, og såg ut som han undra seg kvifor me andre var så treige. Utsikten varierte frå dårleg til veldig dårleg, rett nok med korte innslag av middels utsikt. Etter at fotoapparatet hadde gjort jobben sin med å foreviga tråkkarane på toppen av Frafjordhatten, starta nedturen. Ikkje at det var ein nedtur sånn i negativ forstand, men heimturen. Me gjekk utan sti å fylgja, til me kom til ei hytte. Her hadde me ein liten rast under takutstikket over hyttetrappa, medan nærmaste skya fekk tømt seg. I frå hytta fylgde me ein sti heimover. Uvisst av kva grunn, om det var ekstra glatt på denne stien, eller om folk hadde byrja å verta slitne, dei fleste hadde ein «nær bakken opplevelse» på dette strekket. Me kom ned til brua som førde oss over til stien som går ned Norddalen, ned til Frafjord. Bekken som gjekk under brua, kunne fortelja oss det me allereie visste: det hadde ikkje vore berre opphaldsvèr, verken i dag, eller dei føregåande dagane.
Sjarmøretappen ned mot Frafjord gjekk greitt, og me slapp å ta fram hodelyktene. Vel nede i dalen var det blitt ganske mørkt, og det minka ikkje på regnet heller. Det var ganske godt å få på seg turre klede, men litt vemodig, for det var òg slutten på ein fin tur.

Oppsummert: «Glade folk på tur, kan ikkje ble aent enn jillt.»
Takk til alle for ein vellykka tur.

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar