Tur til Sogndal 4.-6. okt

10 glade tråkkerar ankom Sogndalsdalen og Torstad grendahus fredag kveld. Der venta vertskapet Tove og Jostein med tomatsuppe og fyr i omnen. Dette var ein merkekveld. Mest sannsynleg var dette den aller første overnattinga i skulestova på grendahuset. Gratulerer, Tråkk :)

 Me sat vel og lenge rundt matbordet, Dagun delte Guds ord med oss og vi kosa oss med spel og kake utover kvelden.

Vi var veldig spente på veret neste dag, og heldigvis kunne det vore så mykje verre! Etter ein god frukost og gode bibelvers vi kunne ta med oss, køyrde vi til Anestølen kor turen vår starta. Planen var å gå oppover (eller framover som ein seier lokalt) i Tverrdalen, for så å lufte stemninga for ein eventuell topptur til Barnekona, 1398 m.o.h. Vi hadde ein flott tur framover med god prat og fin sikt. Det kom ein dråpe no og då, men dette var i grunn ingenting å snakke om. Framme på Tverrdalskyrkja tok vi oss ein god matpause, og Jostein fekk god hjelp til å ta vekk bruene for sesongen.

Det var god stemning for ein topptur, og etter litt overtaling, fekk vi alle 12 med opp til toppen av Barnekona. Heldigvis! Det var fin utsikt der oppe! Nokon studerte kart, andre landskapet, medan ein tok seg ein lur… 🙂 Nedturen tok vi via Vombi, den bratte ”magen” til Barnekona, slik at det blei ein flott rundtur.

Vel nede var det tid for dusjing hjå familien Flatland og taco på grendahuset. Det smakte godt etter mange timar ute i frisk, god fjelluft. Vi åt kake, spelte spel, åt chips, sjokolade, meir kake, is, spelte enda meir og hadde det riktig så koseleg J

Sundag var ein grå og sur dag, men ut på tur måtte vi. Vi åt nok ein god frukost, høyrde Guds ord og vaska og pakka oss ut av grendahuset. Vi køyrde til Vatnasete, som var utgangspunktet for Togga, 1105 m.o.h. Det blei ein fin tur, sjølv om det var surt og kaldt på toppen. Vi gjorde det vi måtte; tok nokre bilete og skreiv oss i boka, før vi raskt gjekk litt nedover og stoppa for å ete lunsj.

På parkeringsplassen var det takk og farvel. Vi var alle einige om at det hadde vore ei flott helg, både sosialt og turmessig. Vertskapet, Tove og Jostein, er iallefall veldig glade for at de alle tok turen til oss og ville vere med på tur i eit flott fjellandskap. Velkommen att! 🙂

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar