Turrapport – helgetur til Snøheim

Lite kan måle seg med ei helg i høgfjellet i godt lag i september.

Vi var ein fin gjeng som køyrde sørover til Hjerkinn og sette oss på skyttelbussen inn til Shøheim. Det var som venta fullt, og det einaste vi fekk tilbod om var madrass på golvet, og middag for den som ville ha det. etter å ha stabla bord og stolar i daglegstova og funne plass til madrassene var det tid for litt søvn. 
Laurdag låg skodda rimeleg tjukk utanfor hytta, men det var berre å legge i veg på tur etter frukost. Vi gjekk delvis i kø oppover lia i skodda med lite utsikt då det plutseleg letta og vi fekk fantastisk utsikt både oppover mot toppen og utover dovrefjell.
Vi nådde toppen av stortoppen og gjekk vidare til Midttoppen, men lenger kom vi ikkje utan tau.
Vel nede på hytta igjen var det godt å kunne gå til dekka bord og trerettars middag.
Søndag morgon var det og litt skodde, men den letta raskt, og vi såg toppane frå hytta. Denne dagen gjekk vi mot Vesttoppen, og det skulle være mulig å snu for den som ville ha ein kortare tur, men været var godt, sola varm og humøret på topp, og før vi visste ordet av det hadde alle nådd toppen av Vesttoppen. 
Vel nede ved hytta rakk vi å slappe av litt før vi tok bussen tilbake til Hjerkinn.
Takk for ei flott helg!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar