Turrapport – Nyttårsfeiring i Sudndal

Kalenderen viser 27, desember, julegåvene er opna, lukta av pinnekjøt er i ferd med å forlate huset, og snømangelen rår over store delar av Sør Norge. Då er det fint å kunne setje kursen mot Sudndalen der det er nok av snø og skikkeleg vinterstemning.

Utover kvelden strøymde det til frå alle kantar av landet det var fint å bli møtt med fiskesuppe og fyr på peisen, god stemning og godt lag. Alle såg fram til gode dagar i fjellet.
Det var bra med snø både i alpinbakken og i løypenettet, så dei neste dagane var det berre å spenne på seg skia så snart dagslyset kom, enten det var for å skli bort til alpinbakken eller ta langrennsskia fatt i løypa rett utanfor hytta. Etter ein lang dag ute i frisk luft var det fint å kunne gå opp bakken til Fjellbadet på Hermon og slappe av med boblebad, ein svømmetur, dampbad og badstu, før middagen var klar.
Nyttårsafta starta med at vi vakna til nysnø, og vi fekk ein flott dag ute på ski. Middagen var litt seinare denne dagen, men til gjengjeld var det tre rettar med rikeleg med kalkun. Då vi var ferdige med middagen gjekk vi opp til Hermon på midnattsgudsteneste, ein fin måte å tilbringe årets siste time på og gå inn i det nye året.
Etter litt søvn utpå morgonkvisten, og ein god nyttårsbrunsj var  tida inne for å bryte opp, medan dei ivregaste med kortast veg tok seg ein siste skitur før alle sette vegen heimover.
Takk for ei flott nyttårshelg!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar