Turrapport – Sesongstart langrenn på Mesnali

Kalenderen viser slutten av november, og sjølv om det har vore lite snø i bynære strøk seier rykta at det er gode langrennsforhold på Sjusjøen, og meir skal det ikkje til for å samle ein god gjeng tråkkarar på Mesnalia denne først helga i advent.

Det var ikkje så mykje snø på Mesnalia, men dei ansvarsfulle turleiarane hadde vore ute og sjekka forholda dagen før og kunne rapportere om snø og gode løyper på Sjusjøen.
Skia blir klargjort, alt ifrå fjerning av årgangsklister til å legge på glider, og etter ein god frukost er vi klare for sesongens første skitur. Løypene er forholdsvis gode, og sjølv om det godt kunne vore litt meir snø er det flott tørrvoksføre. Med nysnø på trea sol vart det reine julestemninga, ikkje og med godt selskap er det ikkje rart at stemninga var god.
Etter å ha tent første lys i adventsstaken søndag var vi klar for ein ny skitur, denne vart litt luftigare, men ikkje verre enn at nokre tok lunsjen ute.
Tida går fort når ein har det kjekt, og etter skituren var det klart for å pakke og takke for denne gong, og setje turen heimover. Dette var sesongens første skiturar, og dei gav meirsmak, så det blir nok fleire.
Takk for ei flott helg!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar