Vindmøllesafari 6. jan. 2013

Me var 13 tråkkarar fordelt på 3 bilar som reiste ut mot Høgjæren. Den fjortende stod og venta på oss på Karlsbu, og derifrå var stykket kort til me måtte sjå etter parkeringsplassen.

Eit stort TS-skilt dukka opp, kunne det vera her? Skilt ved sida av vegen fortalte at her var all adgang forbode, og bruk av hjelm påbode, men med ønske om god tur frå daglig leiar i Norsk vindenergi, på telefon og e-post, kunne me ikkje la oss hefta av sånne skilt, og me køyrde inn.

Vindmølleparken består av 32 møller, og er mest delt i to. Eine vegen gjekk inn i Hå kommune, og den andre inn i Time. Me valgte Timesida, og vandra inn i skoddehavet. For det var det det var. Skodda låg grauttjukk, og det som skulle vera ein tur på Jærens tak, med god utsikt, og overblikk over alle desse nye landemerka som vindmøllene er, ja det var no ein tur på ein 5-6 meter brei grusveg, og me såg ikkje ei einaste vindmølle. Og det gjorde vel òg sitt til at det var litt fascinerande når plutseleg ein skygge på over hundre meter dukka opp, ut or ingenting, berre dryge hundre meter framføre oss.
Dei kom tettare no møllene, nokon gjekk me rett under, og andre på nokre titals meter avstand. Eit stykke hadde dei latt vera å brøyta vegen for snø, her låg høge snøfenner på tvers av vegen, og me valgte å gå på sida av vegen nokre hundre meter, men elles var det fine vegar å gå på.
Me var ferdige med Time-runden no, og starta turen inn i Hå. Men me gjekk ikkje så langt før me sette oss til i vegskråningen, og fann fram matpakka. Me fekk og høyra søndagens Bibeltekst, Joh. 12. 42-47 (les det her).No hadde me valget mellom å fortsetja turen, eller reisa heim. Og enda opp med ein mellomting: «me reise te Karlsbu og kjøbe komla»!! Dei hadde ikkje komla på ein søndag, men dei fleste stoppa likevel opp her, og fekk eta litt (det var jo berre ein halvtime sidan me åt: )).

No vart ikkje dette den tyngste og lengste turen me kunne gått, men det var heller ikkje meininga, og med all etinga på slutten, er det ikkje sikkert at me greidde å tæra på julekaloriane, men kjekt hadde me det iallefall, og det er jo det viktigaste.

Takk for ein fin tur!!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar