Vintertur i Rondane 11.-14. april 2013

Torsdag kveld etter at mørkret hadde lagt seg møttest sju forventningsfulle tråkkarar frå Oslo og Trøndelag ved Mysusæter i Rondane klare for ei helg med ski og telt i det flotte vinterlandskapet.

Mykje laus snø og ukjent telt gav nokre av oss litt ekstra utfordringar, men iv fekk sett opp telta og fekk oss ei god natts søvn. Fredag morgon åt vi frukost, pakka i sekkar og pulkar, og la i veg innover i retning Rondvassbu.
Stemninga var god der vi gjekk innover i vinterlandskapet vi passerte Spranget og gjekk innover dalen nesten til Rondvassbu før vi tok austover Illmanndalen. Ved Fremre Illmanntjønne hadde vi ein god lunsjpause før vi heldt fram austover Illmanndalen. Etter ein god og lang dagstur kom vi fram til Bjørnhollia, og fann oss ein passande leirplass der vi slo opp telta. Mørkret la seg over leiren i det vi sette oss ned og åt middag. Kylling tikka masala fall godt i smak, og varme skogsbær til dessert var prikken over i-en. Litt snø i lufta men ikkje meir enn at vi såg stjerner på himmelen, vi fekk ord for kvelden og roen senka seg over leiren.
Laurdag morgon var vi klare for ein ny tur. Vi gjekk nordover mot langglupdalen der vi tok vestover og etter kvart gjekk med Rondeslottet i sikte. Vi hadde ikkje gått langt før sola vermde nok til at vi måtte kaste jakka, og eit stykke oppe i dalen hadde vi ein lang og god lunsj i sola før vi gjekk vidare oppover dalen og ned til Bergdalstjønnin i Rondvassdalen. Vi kom ned til Rondvatnet som var siste del av dagens etappe og slo leir ved elva eit stykke sør for Rondvassbu. Det smakte godt med middag denne dagen og, finnbiffen var varm, men enkelte fekk vaniljeslush på sjokoladepuddingen. Dei som ikkje sovna for fort fekk med seg eit ord for kvelden gjennom teltveggen før vinternatta senka seg over leiren.
Søndag hadde fekk vi oss ein god frukost før vi pakka leiren for siste gong denne helga og sette kursen sørover mot Mysuseter. Vi rakk akkurat fram til bilane før det byrja å snø, og alle var godt fornøgde med ei flott helg i Rondane.
Takk for ei strålande helg!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar