Dato: Saturday 17-05-25 , 09:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
10
17. mai på Jubileumsstien!
Bli med Tråkk Bergen på tur langs Jubileumsstien på 17. mai!
Det er meldt strålande sol i Bergen på nasjonaldagen. Det utnyttar me, så litt spontant inviterer me til ein fin dagstur på Jubileumsstien, etappe 1-3.
Turen startar på Krokeide, og sluttar ved Myrdalsvatnet, ikkje langt frå Nesttun. Dagsturen er på 16 km, og har 1019 høgdemeter.
Underlaget varierer frå tydeleg merka sti, til bart fjell, asfalt og grusveg. Ver merksam på at somme parti kan vera svært våte. Fleire stader er det lagt ut klopper. Du kan lesa om dei ulike etappane på Ut.no her:
Oppmøte på Lagunen, terminal E kl. 09:00. Kl. 09:12 tek me buss nr. 61, “Til Krokeide”. Møt presis, for det går relativt sjeldan buss til Krokeide.
Ta med nistepakke, snacks, drikke, sitjeunderlag, solbriller og solkrem. Ta også gjerne med te/kaffi e.l. liknande på termos. Det er uvisst om me kan fylla drikkevatn undervegs, så ta med rikeleg med drikke, minst 2 liter. Kle deg etter været, men gå i gode, inngåtte tursko, helst med høg ankel. Ha med eit ekstra skift til pausane, gjerne ei ullundertrøye, og elles ei vindtett jakke, lue og tynt skjerf/buff. Hugs norsk flagg i sekken (viss du vil)!
Glad i rømmegraut på 17. mai? Turleiar tek med stormkjøken, rømmegraut og tilbehør, slik at den som vil, kan få seg ein smak. Ta i tilfelle med skål og skei, og skriv i kommentarfeltet i påmeldinga at du ynskjer rømmegraut. Før også opp eventuelle allergiar/intoleransar.
Bjørnevatnet på Smøråsfjellet eignar seg for bading, så er du typen som er glad i ein dukkert, kan du ta med badetøy for eit forfriskande bad i dette tjernet.
Når me kjem fram til Myrdalsvatnet, finn me vegen til Osvegen og tek buss heimatt. Alternativt ruslar me ned til Nesttun, og tek buss eller bybane derifrå.
Påmeldinga for turen opnar tysdag 13. mai kl. 21, og stengjer fredag 16. mai kl. 21. Antall plassar på turen: 10
Turen er gratis.
Har du spørsmål om turen? Ikkje nøl med å ta kontakt med turleiar Maria Sørhus (tlf.nr. 454 29 610).
Hjarteleg velkomen med på tur med Tråkk Bergen på 17. mai!
-
-
-
-
-
- Maria Sørhus
- Antoine
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.