Jan Halvard Edvardsen
Tid:
Dato: mandag 04-09-23 , 18:30

Pris:
0,00

Antall plasser:
25


Bli med på isbading!

Tråkk Bergen inviterer til sjøbading ein gong i månaden gjennom hausten og vinteren. Vi startar gradvis for å trene oss opp til vinteren.

Første bad blir mandag 4. september kl. 18.30.

Stad: Helleneset, Bergen
Oppmøte på parkeringsplassen ved Helleneset.

Ta med: Badetøy, handkle, varme klede og gjerne ein termos med noko varmt å drikke som du kan nyte etter badet.

Påmelding: Vi har påmelding for at det skal vere lettare å planlegge samkøyring, og fordi vi ynskjer å skape eit miljø.

Målgruppa til Tråkk er personar frå 25 til 45 år, og på denne nye badeaktiviteten praktiserar vi øvre aldersgrense 45 år. Vi gjer dette fordi vi ynskjer å rekruttere fleire yngre deltakarar.

Badeplassen på Helleneset ligg sentralt til, lett tilgjengeleg med buss og bil, og du kan enten vasse ut på sandstrand eller hoppe rett ut i sjøen.

Feire datoar for vinterbading kjem…

Bli med på ei utfordrande og forfriskande oppleving!

Ta kontakt med Jan Halvard, tlf. 958 13 721 eller Anne-Lise, tlf. 986 96 459 dersom du har spørsmål.












    • Jan Halvard Edvardsen
    • Antoine Dib
    • Hans-Christian von Krogh
    • Torbjørn Oma Jensen




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.