Tid:
Dato: tirsdag 31-12-24 , 20:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
50


Bli med på nyttårsfeiring!

Nyttårsafta 2024 inviterer Tråkk Bergen og Salem misjonskirke NLM Bergen til tverrkyrkjeleg nyttårsfeiring for unge vaksne.
Velkomen til deg som er i målgruppa til Tråkk (25-45 år, med øvre aldersgrense 48 år), og til deg som er i starten av 20-åra, men likevel har lyst til å bli med!
Arrangementet varer frå kl. 20:00 til midnatt.
Program: 
* Ankomst (kl. 20:00 til 20:30)
* Andakt
* Lovsong
* Mulighet for (for)bønn, lystenning og tid til ettertanke
* Deling (Bibelvers, vitnesbyrd, refleksjon over året som har gått, og tankar for det nye året m.m.)
* Bildekavalkade av turåret 2024 med Tråkk Bergen og Tråkk Sommertur
* Prat, spel og kaker/snacks
* Avslutning med Bergen kommune sitt fyrverkeri ved midnatt
Pris: Betal kr. 200 til Tråkk Bergen (kontonummer 1503.02.47024) ved påmelding. Merk betalinga med namn og «Nyttårsarrangement».
Påmeldingsavgifta dekker leige av lokale og innkjøp av kaffi, te m.m. Eit eventuelt overskott vil gå til Share Mercy, eit kristent humanitært arbeid som mellom anna Credokirken stør.
Ta med: Ein brus og noko snacks (kake, chips eller liknande) til fellesskapen. Ta også gjerne med eit spel, ein kortstokk eller liknande.
NB! Bruk inngangen til Preg Salem Åpne barnehager i Neumanns gate.
Påmeldingsfrist: Onsdag 18. desember kl. 21:00. Dersom færre enn 15 melder seg på, blir arrangementet avlyst, og påmeldingsavgifta refundert.
For spørsmål, kontakt Anita Olausen (tlf.nr. 452 20 522) eller Maria Sørhus (tlf.nr. 454 29 610).
Me gler oss! Hjarteleg velkomne.











    • Maria Sørhus
    • Torgeir Vaula
    • Anita
    • Liv
    • Torbjørn OJ
    • Antoine
    • Lene Ladstein
    • Øyvind Strand
    • Kjersti Haugland
    • Jan Halvard Edvardsen




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.