Dato: fredag 04-09-20 , 16:00 - søndag 06-09-20 , 22:00
Sted:
Hafjell
Pris:
0,00
Antall plasser:
8
Downhill i Hafjell
Stolheis er heilt klart best på sommaren. Åre er «stengt», men frykt ikkje: Det vert tur til Hafjell! https://www.hafjell.no/sommer/besok-hafjell-bike-park
Dei som har prøvd veit at det er kjekt. Er du ny så kjem du til å like det så lenge du likar å sykle, og tenker det hørest spennande ut! Du finn nok ei løype som passar deg, og du bestemmer farta. Det kan nok fungere med mange forskjellige syklar, men ein litt grov fulldempar er anbefalt. Det beste er sjølvsagt downhillsykkel som du kan leige, då får du også med rustning og heilhjelm.
Det vert sykling i anlegget på laurdag som hovudaktivitet. Søndag vil vi tilpasse det litt etter kva folk vil. Kanskje ein ekstra dag i bakken eller ein tur på stisykling før vi reiser heim.
Vi tenker å leige eit par hytter slik at vi har god plass og kan overhalde krav til Korona. Då vert det enkeltrom til alle som ikkje har ønske om dobbeltrom .
Pris: 1200,- for husrom, frukost, kvelds fredag og middag laurdag. 280,- for heiskort ein dag. 899,- om du vil leige sykkel. Sykkel og heiskort må du ordne på eiga hand. (Vi ser litt på om det er mulig å få til ein pakkerabatt utover det som er nevnt, men det vert i tilfelle ein bonus)
Transport kan vere privatbilar eller kollektiv. Det går både tog og buss. Vi vil forsøke å ordna transport med privatbilar så godt som råd etter vurdering av smittevern. Avreise etter jobb.
Turen er arrangert av Tråkk Trøndelag, men vi inviterer sjølvsagt folk frå heile landet. Ta kontakt med Njål på 95224230/nrotevatn@gmail.com om du har spørsmål.
Bestilling åpnar onsdag 19.8 klokka 22.00. Stenger torsdag 27.8 klokka 24.00 Vert det fullt så send e-post om at du vil på venteliste. Det er mulig vi kan auke antalet plassar, alt etter kva hytter vi finn som kan passe.
-
-
Betalingsinfo kjem, 1200,- Men mulig rabatt for dobbeltrom.
-
Skriv inn kommentar om du har bil og har plass til folk. Om du har plass til sykkel, om du vil sitte på. Og kor du reiser frå.
-
-
- Njål Rotevatn
- Egil Rotevatn
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.