Dato: mandag 22-07-19 , 00:00 - fredag 26-07-19 , 23:59
Pris:
0,00
Antall plasser:
0
Feigumsfossen og Bergheim
Ferdighetskrav: | * * * Bratt og ulendt terreng særleg opp langs fossen, ikkje særleg god sti. |
Tidsramme for turen: | 4-5 timar + ca 20 min. køyring kvar veg |
Antall kilometer: | Ca 8 km |
Stigning: | 0 – ca 600 moh |
Maks antall deltakere: | 15 |
Turbeskrivelse:
Denne turen startar med ein køyretur på om lag 17 km langs sørsida av Lustrafjorden til Feigum. Vi går frå Feigum langs sti til foten av Feigumsfossen med eit fall på 218 m. Deretter følgjer vi bratt sti opp ura på høgre sida av fossen. Her kan ein bli våt om det er stor vassføring i fossen. Når ein er oppe, så er det flott utsikt om ein tek ein avstikkar ned til platået der fossen startar. Vi fortsetter framover til Øystølen, kryssar elva på bru og går vidare mot Bergheimsstølen. Herifrå går vi på sti til den nedlagde hyllegarden Bergheim der det er flott utsikt over Lustrafjorden. Vi går vidare ned igjen til fjorden langs gardsvegen. Vel nede ved fjorden må vi følgje vegen tilbake til bilane ved Feigum.