Dato: lørdag 25-02-23 , 11:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
10
Frisk badetur på Nordnes
Vinterbad på Nordnes sjøbad var så kjekt, at vi tar ein ønskereprise. Lørdag 25. februar får du ein ny sjanse til å bli med Tråkk til Nordnes sjøbad.
Det historiske sjøbadet i Bergen har både utandørs oppvarma basseng, badsove og ei praktisk badetrapp ned i den iskalde byfjorden. Du bestemmer sjølv om du vil kosa deg i 33 varme garder i bassenget, bada i friskt sjøvatn eller har lyst på ein kombinasjon av begge deler.
Turleiarane tar med varm drikke til alle, som kan nytast på bassengkanten.
Ta med badetøy og handkle og bli med.
Vi møtes utanfor inngangen til sjøbadet kl.11
Billetten til sjøbadet kostar 80 kr, og du kjøper den sjølv ved inngangen.
Vi vil gjerne vita kor mange som blir med. Difor blir det som vanleg påmelding via skjema her på nettsida til Tråkk Bergen.
Påmeldinga opnar 14. dagar før og stengjer kl.21 kvelden før arrangementet.
Dersom det er interesse for det, blir det også mogleg å bli med vidare på kafe etterpå.
Lurer du på noko?
Kontakt Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59 eller Torbjørn på tlf. 452 06 181
-
-
-
-
-
- Jan Halvard Edvardsen
- Anne-Lise Nordpoll
- Tigist woldetsadik
- Torbjørn Oma Jensen
- Thomas Villanger
- Ingjerd Solberg Nygaard
- Anne Lise Torsvik
- Solrun Halvorsen
- Yngvild Olsen
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.
Legg igjen en kommentar
Lyst til å delta i diskusjonen?Føl deg fri til å bidra!