Dato: fredag 30-08-19 , 17:00 - søndag 01-09-19 , 20:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
12
Helgetur med topptur til Storviglen
Hovudmål for helga er Storviglen, kommunetoppen i Røros, som ligg nesten på grensa mot Sverige. Turen startar ved Ljøsnåvollen, sidan det er 12 km grusveg inn dit fotturen startar tek vi med sykler på denne turen.
Vi reiser frå Trondheim fredag til Feragen, og Finn ein passande teltplass. Laurdag startar med sykkeltur på 12 km inn til Ljøsnåvollen, derifrå er det om lag 7,5 km til toppen av Storviglen der vi får ei fantastisk utsikt over Femundsmarka. Returen går same vegen, og vi avsluttar dermed med sykkeltur tilbake til leiren.
Vi lagar felles middag i leiren på kvelden.
Søndag tek vi ein kortare tur litt avhengig av kva det er stemning for i gruppa, før vi returnerer til Trondheim.
Påmelding startar måndag 19. August kl 21.00, og stengjer onsdag 28. august kl 21.00
Har du spørsmål, kontakt Svein Olav (sodyrhol@hotmail.com).
-
-
-
-
Påmelding startar måndag 19.8 kl 21.00
-
- Svein Olav Dyrhol
- Martin Skarsvåg
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.