Jan Halvard Edvardsen
Tid:
Dato: lørdag 22-06-24 , 15:00 - søndag 23-06-24 , 13:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
10


Hengekøyetur i Masfjorden

Kom og heng med oss i Tråkk Bergen!

Lørdag 22. juni reiser vi ut av byen, og set kursen til bygda Kvingo i Masfjorden kommune. Her ligg dagsturhytta Fjordblikk heilt i sjøkanten, omgitt av ein flott liten furuskog. Med utsikt over fjorden, fiske og bademogelegheiter og fine turstiar, er dette ein god plass å tilbringa kvelden. Skulle det bli litt kjølig, er det mogeleg å fyra opp i omnen i hytta og varme seg der inne ei lita stund.

Frå parkeringsplassen til hytta er det 1,4 km å gå på grusa turveg. Det er praktisk når ein har stor sekk med mykje utstyr. Turleiar har med stormkjøkken og lovar å diska opp med noko godt til kvelds, medan du kan sjå deg om i området og nyta kvelden akkurat som du vil.

Har du aldri sove i hengekøye før, er dette ein flott sjanse til å testa det ut. Turleiar har mykje erfaring, og kan gi råd både før og under turen.

Utstyr: Du må sjølv ha med hengekøye, myggnett, sovepose og liggeunderlag. Ved fare for nedbør, må du også ha med ei pressening eller ein tarp til å spenna over hengekøya. Hue og varme klede er også viktig. Sjølv om det er juni månad kan natta bli kald. I tillegg tar du med deg det du vil ha til frukost og lunsj til neste dag, drikkevatn (ca. 1,5-2 liter), ein kopp, tallerken og turbestikk. Meir info og pakkeliste blir sendt ut på epost ca. 1 veke før.

Avreise med privatbilar frå Knarvik senter kl.15. Vi stiller oss opp på p-plassen så nært bussterminalen som mogeleg.

Pris: Det koster 150 kroner å delta. Betaling til turleiar ved oppmøte,  Vipps eller kontant. Passasjerar betaler også 3,5 kr km delt på antal personar i bilen til sjåføren dei sit på med.

Påmeldinga opnar tre veker før turen, og stengjer onsdag 19.juni kl.18, eller når turen er full. Påmelding skjema på denne nettsida. Skriv i kommentarfeltet om du treng skyss, eller kan stilla med bil.

 

Har du spørsmål?

Kontakt turleiar Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59












    • Jan Halvard Edvardsen
    • Anne-Lise Nordpoll
    • Ingjerd Solberg Nygaard
    • Thomas Villanger
    • Maria Sørhus
    • Anne Kristi Lilletvedt
    • Britt Elin Arefjord
    • Antoine
    • Martin Skarsvåg
    • Torbjørn Oma Jensen




Bookings

Denne turen er dessverre full.