Dato: lørdag 26-04-25 , 00:00 - søndag 27-04-25 , 23:59
Pris:
0,00
Antall plasser:
0
Hengekøyetur i Samnanger
Ingen mygg og masse fuglekvitter. Våren er den beste tida å sova i hengekøye, og lørdag 26. april kan du bli med oss på hengekøyetur.
Denne gongen reiser vi til Samnanger. Her parkerer vi ved Ådland kyrkje og går inn til dagsturhytta Prestakvilet, som ligg fint til ved Kvernevatnet.
Hytta er omgitt av furuskog, der vi kan henga opp hengekøyene våre. Vi brukar området rundt dagsturhytta som base for kvelden og natta. Dersom det vert kaldt på morgon og kveld, er det mogeleg å gå inn i hytta å varma seg, men det er ikkje lov å sova der.
Turen frå parkeringsplassen og inn til hytta er ca. 1,2 km. Den går på god skogsveg og sti, men det er litt opp og ned, så du må pakka tinga dine i ein stor og god sekk, slik at du klarer å bæra alt med deg på komfortabelt vis.
Turleiar har med stormkjøkken og lovar å diska opp med noko godt til kvelds, medan du kan gå tur og nyta kvelden akkurat som du vil.
Har du aldri sove i hengekøye før, er dette ein flott sjanse til å testa det ut. Turleiar har mykje erfaring, og kan gi råd både før og under turen.
Utstyr: Du må sjølv ha med hengekøye, sovepose og liggeunderlag. Ved fare for nedbør, må du ha med ei presenning eller ein tarp til å spenna over hengekøya. Hue og varme klede er også viktig.
Hugs også å ta med deg det du vil eta til frukost og lunsj til neste dag, drikkevatn (ca. 1,5-2 liter), ein kopp, tallerken, turbestikk og hodeklykt (eventuelt ei vanleg lykt).
Meir info og pakkeliste blir sendt ut på epost ca. 1 veke før.
Avreise med privatbilar frå Arna stasjon kl. 15. Vi stiller oss opp på p-plassen så nært jernbanesporet som mogeleg.
Pris: Det koster 150 kroner å delta. Betaling til turleiar ved oppmøte, Vipps eller kontant. Passasjerar betaler også 4,0 kr./km delt på antal personar i bilen til sjåføren dei sit på med.
Påmeldinga opnar tre veker før turen, og stengjer 21. april kl. 18, eller når turen er full. Påmelding via skjema på denne nettsida. Skriv i kommentarfeltet om du treng skyss, eller om du kan stilla med bil.
Har du spørsmål?
Kontakt turleiar Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59