Tid:
Dato: mandag 22-07-19 , 00:00 - fredag 26-07-19 , 23:59

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Hjerseggnosi/Bolstadnosi

Ferdighetskrav: * * * *
Tidsramme for turen:  7 timar + pausar + ca 5 min. køyring kvar veg.
Antall kilometer: Ca 16 km t/r
Stigning: 40-­1040 moh ca 1000 hm
Maks antall deltakere: 15

 

Turbeskrivelse:

På denne turen er ikkje høgdepunktet toppen, men ein går vidare sørover ryggen og får sjå Skjolden i fugleperspektiv og flott utsikt over Lustrafjorden.
Denne toppen, eller nosi skil Mørkrisdalen frå Fortunsdalen, og namnet varierar med kvar du ser fjellet frå. Frå Skjolden heiter det Bolstadnosi, medan det heiter Hjerseggnosi i Fortun
Turen startar på Heltne, om lag 2 km innover Mørkrisdalen frå Skjolden. Første delen av turen er langs skogsveg opp til garden Rebni før ein går over på sti og passerar setrane Rebnisli og Skori og går vidare sørover ryggen til ein kjem ned til varden som gjev fantastisk utsikt over Skjolden og Lustrafjorden.