Tid:
Dato: lørdag 21-06-25 , 11:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Kano og pannekaker i Storavatnet

Storavatnet er ei perle på Holsnøy. Laurdag 21. juni pakkar vi badetøy, solkrem, solbriller og niste, og brukar dagen ute.

Vi leiger kanoar og startar turen ved Rossland skule. Då får vi ein spennande tur der vi enkelt kan bevega oss frå Rylandsvatnet og over i Bjørndalsvatnet. Frå Bjørndalsvatnet følgjer vi ein smal kanal inn i sjølve Storavatnet.

Undervegs finn vi oss ein holme der vi går i land for å eta lunsj og slappa av.

Dersom det ikkje er skogbrannfare, fyrer turleiarane opp primusen og diskar opp med pannekaker eller noko anna godt.

Oppmøte på turparkeringa ved Rossland skule kl. 11.

Lengda på turen vert tilpassa vêret og gruppa sine ønskjer. Vi er tilbake i Bergen seinast kl. 19.

Du må kunna symja, og vera komfortabel med å padla kano, men det er ikkje nødvendig med mykje erfaring.

Ta med: Lunsj, drikke, flytevest, solbriller, solkrem, badetøy (visst du vil) og eit ekstra klesskift, og pakk alt saman vasstett. Kontakt turleiar dersom du treng å låna flytevest.

Det er plass til 8 deltakarar + turleiarar på denne turen.

Turen kostar 200 kr. som du betaler til konto-nr. 1503.02.47024 før påmeldingsfristen går ut.

Påmelding via skjema på Tråkk si nettside. Påmeldinga opnar 1. juni kl. 12 og stenger fredag 14. juni kl. 12.

Påmeldinga er bindande, og du må betala deltakaravgifta sjølv om du skulle melda deg av seinare. Dette fordi vi må betala leige for kanoane.

Har du spørsmål, kontakt turleiarane Anne-Lise (tlf. 98 69 64 59) eller Torbjørn (tlf. 45 20 61 81).