Dato: lørdag 04-05-24 , 12:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
15
Permisjonsstien og Sandvikspilen
Lørdag 4. mai arrangerer Tråkk tur opp Permisjonstien og vidare til Sandvikspilen (323 m.o.h). Turen er også kjent under namnet «Lille Stoltzen, og byr på fin utsikt over Bergen.
Vi går i rolig tempo, delvis på sti og delvis på grusveg. Det er bratt opp, men ikkje fullt så bratt som Stoltzekleiven. Vi legg opp til ein rundtur der vi enten går ned via Munkebotn eller Fløyen før vi går tilbake til startpunktet. Kva løype vi vel, er avhengig av vêret og deltakarane sine ønskjer.
Oppmøte utanfor Idrettslaget Varegg sitt klubbhus i Mulesvingen (adresse: Persenbakken 20, 5034 Bergen)
Turen starter kl. 12 og varer i ca. 3-4 timar avhengig av rute.
Ta med ein liten tursekk med drikke og niste. Ei sitteplate og ein ekstra genser er også kjekt å ha i pausen.
Påmelding via skjema på denne nettsida. Påmeldinga opnar 14. dagar før, og stengjer kl.21 dagen før turen.
Arrangementet er gratis. Dersom du aldri har vore med på Tråkk-tur før er du ekstra velkommen.
Har du spørsmål, kontakt turleiar Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59.
-
-
-
-
-
- Jan Halvard Edvardsen
- Anne-Lise Nordpoll
- Thomas Villanger
- Ingjerd Solberg Nygaard
- Yngvild Olsen
- anne kristi Lilletvedt
- Susanne
- Madeleine Eriksen
- Julia
- Åshild
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.