Dato: lørdag 30-05-20 , 12:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
10
Permisjonstien og Sandvikspilen
Lørdag 30.05 mai arrangerer Tråkk Bergen første tur etter koronapausen. Vi feirer med tur opp den nyrestaurerte permisjonstien og vidare til Sandvikspilen (323 m.o.h). Turen er også kjent under namnet «Lille Stoltzen og byr på fin utsikt over Bergen.
Vi går i rolig tempo, delvis på sti og delvis på grusveg. Det er bratt opp, men ikkje fullt så bratt som Stoltzekleiven. Vi legg opp til ein rundtur der vi enten går ned via Munkebotn eller Fløyen og tilbake til startpunktet. Kva løype vi vel, er avhengig av vêret og deltakarane sine ønskjer.
Oppmøte utanfor Idrettslaget Varegg sitt klubbhus i Mulesvingen (adressa til klubbhuset er Persenbakken 20, 5034 Bergen)
Turen starter kl. 12 og varer i ca. 3 timar.
Ta med ein liten tursekk med drikke, niste og antiback/våtservietter. Ei sitteplate og ein ekstra genser er også kjekt å ha i pausen.
Tråkk følgjer nasjonale retningslinjer for å unngå koronasmitte. For tida har vi førehandspåmelding og begrensa antall deltakarar på alle turar.
For å vera med må du melda deg på via skjema på Tråkk Bergen si nettside eller ved å senda fullt namn og telefonnummer til turleiar innan fredag 29. mai kl.18.00. Arrangementet er gratis.
Har du spørsmål, kontakt turleiar Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59.
-
-
-
-
-
- Anne-Lise Nordpoll
- Thomas Villanger
- Anne Kristi
- Torgeir
- Jan Halvard Edvardsen
- Ingjerd Solberg Nygaard
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.