Dato: Friday 06-06-25 , 16:00 - Sunday 08-06-25 , 18:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
6
Pinsa 2025 - Helgetur til Undredal og gapahuken Ørnareiret
Sett av pinsehelga, 06. – 08. mai 2025, og bli med Tråkk Bergen på tur til Nærøyfjordområdet. Frå laurdag 7. til søndag 8. juni har vi leigd gapahuken Ørnareiret som ligg 1000 meter over Undredal.
Program for helga
Vi har avreise frå Bergen fredag ettermiddag, og legg opp til overnatting i telt på ein campingplass i området den første natta. Sidan det er pinse og langhelg er det truleg mykje trafikk ut av byen denne fredagen, og vi prøver å komme avgårde ca. kl. 17.00 frå Arna.
Laurdag morgon kan vi vere turistar i Undredal før turen går opp til gapahuken Ørnareiret. Vi har tilgang på gapahuken frå kl. 14 og må vere ute innan kl. 14 dagen etter.
Søndag føremiddag går turen ned igjen til Undredal, og vi køyrer tilbake til Bergen på ettermiddag/kveld.
Gapahuken Ørnareiret og Undredal
«Gapahuken Ørnareiret gir deg ei magisk oppleving du seint vil gløyme» er skildringa utleigaren brukar om denne spesielle overnattingsstaden som er plassert 1000 moh.
Undredal ligg i Aurland kommune og er ein del av Nærøyfjordområdet. Saman med Geirangarfjordområdet er dette området det første verdsarvområdet i Noreg som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste med grunnlag i naturarven.
Turen til gapahuken Ørnareiret:
Turen opp tek om lag 3 timar. På vegen går vi forbi stølen Hovdunga, som ligg på ca. 740 moh. Dette var ein av sommarstølane til Underdølane, og vart lagt ned i 1947.
Ørnareiret har overnattingsplass til 6 personar. Inkludert i leige av gapahuken er det m.a. kokeapparat med gass, kokeutstyr og madrasser. Når vi kjem fram lagar vi felles middag og brukar ettermiddagen til kvile og sjå på den fantastiske utsikta over dette området.
NB! På grunn av veldig bratt stigning er dette ein fysisk krevande tur, og det er derfor viktig at dei som melder seg på denne turen er i god fysisk form.
Stad: Nærøyfjordområdet – Undredal
Plassar: 6 deltakarar
Overnatting: Telt og gapahuken Ørnareiret
Oppmøte/avreise: Arna stasjon, ca. kl. 17 (avhengig av kva som passar deltakarane)
Pris: Betal 1000,- kr til konto 1503.02.47024 når du melder deg på.
*Merk batalinga med “ditt namn + Undredal”
I tillegg kjem køyrepengar der taksten er 4 kr pr. km delt på personar i bilen. Dette betalar du direkte til sjåføren.
Prisen dekker overnatting frå fredag til søndag, og felles middag i gapahuken laurdag ettermiddag. Deltakarane må ordne eigen mat for fredag kveld, laurdag frukost og lunsj og søndag frukost og lunsj.
*Ved mykje snø i fjellet, eller andre tilhøve som gjer at turen til Ørnareiret ikkje vert tilrådd av dei lokale, vil denne turen kunne bli endra eller avlyst.
Deltakar sitt ansvar: Som deltakar har du ansvar for å lese turbeskrivelsen og vurdere om turen passar for deg. Er du usikker ta kontakt med turleiar. Ta med nødvendige ekstra klede etter årstid og værforhold.
Påmelding via skjemaet på denne nettsida. Vi stenger påmeldinga søndag 1. juni klokka 20.00.
NB! Ver venleg å opplys om allergi i kommentarfeltet ved påmelding.
Spørsmål:
Ta kontakt med turleiar Jan Halvard Edvardsen på e-post: bergen.trakk@gmail.com
-
-
1000, - kr - betal til konto: 1503.02.47024
-
Oppmøte Arna stasjon og avreise fredag ca. kl. 17
-
-
- Antoine Dib
- Jan Halvard Edvardsen
- Maria Sørhus
-
Pakkeliste Undredal, gapahuken Ørnareiret - Mat (fredag kveld, lørdag frukost og lunsj, søndag frukost og lunsj. - Varme klede: - Regntøy (jakke og bukse) - Tynn vindjakke og turbukse - Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift - Sokkar med ull + ekstra skift - Ullgensar/jakke eller tynn dunjakke - Ekstra lue - Ullvottar eller andre vanter/vottar som er varme sjølv når dei er våte - Gode sko/fjellstøvlar og gjerne gamasjer - Shorts og t-skjorte (ull/kunstfiber) dersom det er meldt varmt vær - Ryggsekk med passeleg volum til det du må ha med - Vanntett pose som passar nedi sekken (ev. regntrekk utanpå sekken) - Sovepose - Liggeunderlag til overnatting i telt (gapahuken har madrasser til 4 personar) - Enkelt førstehjelputstyr med gnagsårplaster og sportstape - Toalettsaker og eit lite/lett handkle - Litt toalettpapir og ein ekstra søppelpose - Solbriller og solkrem - Myggmiddel/myggnett - Kart, kompass og kartmappe, evt. gps - Fyrstikker/lighter - Lita hovudlykt/lommelykt - Pengar
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.