Dato: onsdag 17-03-21 , 00:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
0
Skitur i Gullbotn
Vi satsar på at vinteren ikkje er heilt over endå, og at vi skal få brukt langrennskia i løpet av mars. Dersom snøforholda og koronarestriksjonane tillet det, vert det kveldstur i den preparerte langrennsløypa i Gullbotn.
Per no er turen/turane lagt inn på ein tilfeldig dato. Det har vi gjort for at du skal kunna leita fram skia og førebu deg i god tid.
Riktig dato og meir informasjon om turen vert publisert her og på Tråkk Bergen si facebook-side kort tid før.
Visst dette er arrangement du har lyst til å få med deg, kan du melda di interesse til turleiar Anne-Lise Nordpoll tlf. 98 69 64 59. Då varslar ho deg direkte når vi er klare med meir informasjon.
Turen vert lagt på eit nivå der alle som har gått eller stått litt på ski før kan delta.